Flyet nødlanda på Stennesrevet under flykampen 16. februar 1945. Flygaren var med ned og brukte gummibåt som flyteredskap. Han vart teken opp av mannskapet på ein av dei tyske båtane som låg i nærleiken og som engelske fly skulle bombe.

Messerschmidten teken på land på Iva-plattingen.
Ungdommar frå Urke sokna etter flyet og heva det. Dei tok det på land på Iva-plattingen. Det vart montert ei kran på plattingen for å løfte flyet på plass. Det var så lite skadd at det var fare for at flyet kunne bli sett i stand att, og motstandsfolk frå Ørsta og Bondalen rykte då ut og ramponerte flyet så pass at tyskerane ikkje skulle bli frista til å reparere flyet.

Bernt M.Håndlykken ved spaken i cockpiten.
Flyet låg slik på plattingen i mange år og var ”leikeplass” for ungane. På det eine biletet er det likevel Bernt M. Håndlykken som sit i cockpiten.
Etter å ha blitt ytterlegare ramponert, vart flyet skubba på sjøen igjen og der ligg det den dag i dag… og dermed skulle det kanskje friste dykkarar.
Eg har fått blade i familiealbumet til Erling Abelvik, bror til Nancy Håndlykken. Han var ofte på Urke og besøkte søstra og svogeren Bernt. Erling var ein ivrig fotograf og har solide album med interessanne bilete. Erling bur no på Blindheimsneset og eg trur neppe han har noko imot at fleire får sjå bileta.
I samband med Heimkomehelga på Urke 18. - 19. august vert det vandring mellom anna til denne plattingen og bileta skal brukast i samband med dette.
Helsing Per Urke
Aluminium (24.07.2007 kl. 10:20)
Dette var ein grundig leksjon i aluminiums- legeringer.Ordet duralumin.kjem nok frå den tida folk hadde ord på materiala som vart brukte.Før hadde vi vanleg aluminium og sjøbestandig-aluminium og så høyrde vi om dette fantastiske materialet som dei fann i flya til tyskerane.I dag er dei folkelege orda overtekne av tal og bokstavar, som benevner kvaliteten. I dei tyske flya fekk folk her på våre kantar, innsyn i ein ny teknologi som dei fleste ikkje kjende til frå før.Her var aluminium, plastmaterialer som plexiglas, gummi, tresortar som ikkje rotna og i motoren var her rustfrie materialer som er like fine i dag når dei har lege ute i over 60år. På slutten av krigen var det nok ikkje same kvaliteten på det som vart produsert i Tyskland. Har høyrt at kulelager var av dårleg kvalitet i mangel på materialer å legere med.
Ivar Svein Mo
Duralumin (24.07.2007 kl. 08:51)
Uttrykket er ikkje lokalt og er omtalt som duralumin i leksika. Vi brukte uttrykket feil då vi kalla støypte flydeler som duraluminium. Leksika deler aluminumlegeringane i to: Kna-legering (som er smi- og valsbare)og støypelegering.
Duralumin er ei herdbar knalegering med stor styrke og kan brukast i plater og profilar på m.a. fly. I tillegg til alumunium (Al) består legeringa av 2,5-5,5% kopar (Cu), 0,5-2,0% magnesium (Mg) og 0,5-1,2% mangan (Mn).
Den mest brukte støypelegeringa heiter silumin har i tillegg til Al eit stort innslag (12-13,5%)av silicium (Si), litt natrium (Na) og 0,2-0,5% Mn.
Det er fleire andre legeringar og, m.a. birmabright som toler godt sjøvatn (skipsoverbygg).
Dette vart mykje detaljar, men eg meiner å dokumentere at Svein Ivar Moe har rett i at duraluminum vart brukt på platene i fly og var ikkje ei støypelegering.
Per Urke
Duraluminium.. (23.07.2007 kl. 23:32)
Denn aluminiumet har eg ofte lurt på kva det var for noke slag. Far min snakka ofte om det, men eg har aldri funne noko om det i noko slags litteratur. Du skriv Per, at det var ei støypelegering. Eg har alle tider innbilt meg at det var herda aluminium som var brukt i fly, til bl.a.ytterplater og hadde stålets styrke. Veit du noko om det var eit lokalt uttrykk?
Ivar Svein Mo
Skraphandlar? (23.07.2007 kl. 18:09)
Jørund Walseth har nok rett i at skraphandlarar drog av garde både verdfulle gjenstandar og men og meir typisk skrap. Eg hugsar at på slutten av 50-talet var det mange som leverte skrap; omnar, landbruksreidskap og flydeler, særleg var duraluminium (støypelegering) attraktivt. Skraphandlaren kjøpte det folk ville selje og må ikkje framstillast som noko anna. I dag ville vi ha kalla det resirkulering. Den gongen betalte skraphandlaren for avfallet. I dag må du betale for å bli kvitt saker.
Då flyet vart teke opp var det i god stand. Edvard Urke fortalde at det berre var bensintilførselen som var i ustand. Etter besøket av motstandfolk, såg flyet ut som det går fram av bileta.
Eg held fast på at flyet på Iva-plattingen gradvis vart ramponert ut gjennom siste 40 og tidleg på 50-talet. Men det var ikkje berre smådeler som vart skubba på sjøen. Det låg også i vegen for dei som skulle nytte plattingen til klippfisktørking.
Per Urke
Per Urke
Hei Per (22.07.2007 kl. 21:21)
Det har seg diverre slik at ein skarphandlar besøkte Urke på 50- talet, og då tok han i følge mine opplysninger med seg mesteparten av flyet. Litt skal der være att av det, og dei delane bles på sjøen att. Eg er nok redd for at det berre er små deler igjen å finne. Vi såg lite anna enn mororen i alle fall..
Jørund Walseth
Bileter (21.07.2007 kl. 12:56)
Alle bileter av desse vraka er veldig spanande å sjå. Men ein annan ting som har vorte lite nemnt, er båtane som låg her - eksisterar det bileter av dei? Er det nokon som veit kva dei hadde i lasten? Om dei hadde kva eg trur dei hadde i lasten, så er eg ganske glad for at dei allierte flya ikkje fekk inn ein einaste treffar.
Roy-Magne Mo