Namn? Per Jarle Trandal.
Alder? Eh... fødd i 51.
Yrke? Turistvert/snikkar/byggeleiar. http://www.fjordhytter.no/
Kor mange hytter leiger kona di Karin og du på Trandal?
- Vi har åtte utleigeeiningar, dvs. hytter og hus.
Karin og Per Jarle Trandal har åtte utleigeeiningar.
Og kor mange overnattingsplassar har de?
- 60.
Kor går ferieturen når de no skal ha fire veker samanhengande ferie?
- Nei, det vert ingen ferie i sommar. Det vert smått med fridagar i det heile no.
Kor lang er utleigesesongen?
- Den starta for fullt den 10. mars og varer i alle høve til 10. november.
Men i jule- og nyttårshelga skal det verte godt med nokre fridagar?
- Eh... ja, men det kjem ein del gjestar den veka også.
Du driv altså ikkje firmaet åleine?
- Nei, slett ikkje. Det er kona Karin som tek seg av utleiga - det er ho som har oversikta. Sjølvsagt kan eg også ta imot ein telefon, men det er ho som er sjefen. Eg tek meg meir av det praktiske - utleige av båtar, vedlikehald m.m.
Og kor mange båtar har de?
- Vi har 18 i drift.
Og no har du blitt reiar også? Eg tenkjer på den restaurerte fiskebåten Hindholmen.
- Nei, eg er ingen reiar. Det er Karin som tek seg av den biten av drifta også. Vi er med å leiger ut båten for å gje turistane litt fleire tilbod. Ein tur med denne gamle, men vakre fiskebåten er ei oppleving i seg sjølv.
Trandal er svært mykje omtalt i media, men det er vel Christian Gaard som får mest PR. Føler du deg litt i bakleksa?
- Nei, slett ikkje. Vi driv på to ulike måtar. Frank Storeide og Christian Gaard er avhengig av mange gjestar i løpet av ein heller kort sesong. Vi har no t.d. tinga ut hytter også i 2010 sesongen.
Så brukar ein idrettssjargongen er Frank sprintaren og du langdistanselauparen?
- Kanskje det, ja. (Her må Per Jarle springe for å snakke med nokre tyske gjestar som kjem på døra. Karin tek over telefonrøret)
Landbruket i Hjørundfjorden er på veg ut, turisme er "in". Føler de ansvaret tyngje som suksessfulle turistvertar?
- Nei, no går det godt, men det er ikkje til å legge skjul på at vi har hatt ei litt tung tid dei siste par åra. Eg tenkjer på kraftverkutbygginga.
Vart den større enn venta?
- Tja, kanskje tenkte eg litt feil. Eg tenkte på ei grøft med eit rør i, men det vart opptil ei 100 meter brei gate omtrent rett gjennom "butikken" vår, men no har de heldigvis gått seg til. Tiden leger alle sår - heiter det vel.
Satsar de på vidare utbygging?
Nei, det er nok bra no. Vi kunne nok ha leigd ut fleire hytter, men då måtte vi også ha leigd inn folk. Dermed er faren stor for at vinninga hadde gått opp i spinninga.
Ja, det var det med ferie igjen. Kvar går ferieturen?
Vi vonar vi kan ta oss ein tur i januar. Kanskje til Thailand?
God tur, seier vi. Når den tid kjem.
P.s.
Nemnde vi at Karin også driv Noregs vakraste postopneri?
d.s.
Kommentarar