I sentrum starta dugnadsgjengen opp kl 1400. Litt få til å byrje med, men her vart fort mange hender i aksjon. Sterke karar og damer satte opp seks tunge betongrør som vart fylt med grus, strekklaken og jord før vakre blomar i mange fargar kom på plass. Fire urner er plassert ned med kommunekaia, dei siste to på vestsida av Sæbø Bygg. 

urne1

 Marit og Bodil ruller dei tunge betongkara på plass.

 

 

urne2

 Louise Mo, Bodil Skare, Marit R Olsen og Ingvil Flatnes samarbeidar om å få singel på plass i botnen.

 

 urne3

Ollen og Anna fyller på med plantar.

 urne4

 Blomane vatnast under grundig overvåking frå gardbrukaren.

Samstundes vart det henta fleire benkar frå Kapteinkvia og plassert ut ved kaia og ved kommunehuset. Det vart fort tatt i bruk av fastbuande og av sommargjestar.

benk1    benk2

Marta og Elen etter dagens bad.            Sommargjestar.  

 

benk3

  Nokre av den store dugnadsgjengentar og benkane i bruk til pausemat.

Den neste store oppgåva var "grøfterens". Vi renska at lassevis med grønt som veks opp mellom vegbana og fortau, kantstein og murar. 

  grøfterensgrøfterens1
 Else Aarseth veit kva ho gjer.                  Johan Riise, Helge Strand og Gunnar Lyshagen.

       

grøfterens3

Prestegardsmuren ryddast. Det vart reine slåtten.....

grøfterens4

 Likeeins rydda vi litt på rasteplassen ved fergekaia og i parken. Men her er singelen så tilgrodd at det var svært vanskeleg å få det fint. 

Fredag kveld starta Åshild Valset og Eldbjørg Eidem opp ein eigen liten dugnad rundt kyrkjegardsmuren. Dei var lei at at den etterkvart likna meir på ein høymolehekk enn ein steinmur.  Dei fortsette laurdag, og etterkvart kom fleire til, og her vart ikkje mindre fint enn i sentrum. Her var det elles gjort nøye arbeid, og Åshild gjekk over steinane i muren med stålbørste.

 Før :                                                      Etter:

før   etter

kirka1kirka2

  

Og medan mange arbeidde, kom turistar inn og gjorde nytte av bygda vår:

turist tkjortesal

Båtanløp                                        T-skjorte sal. 

 

kaia

Fint kva?

 

sosialt

Og så sosialt det er med dugnad! 

Sæbø grendalag ønskjer å takke:

* Alle dykk som møtte opp på dugnaden vår. Nokre ser de på bilda i artikkelen over, men her var og mange andre med. Kjempeflott!

* Urke gartneri for gode blomsterprisar.

* Rekkedal Gjestestove som sponsa blomane.

* Nutte og Daffa som fiksa kaffemat (hmmm, skulebollar og te-kake). 

* Holen Sand og Grus som leverte singel og maskinkraft til flytting av tyngre saker (gjort tidlegare i veka). 

* Else Aarseth og Helge Strand som skal passe på at blomane får godt stell resten av sommaren.

* Mange andre, td Bellingen som fiksa kaffe og Slettedal tok seg av diverse boss.

* Og kanskje kan vi seinare takke kommunen? Tenk om dei kunne setje ut  bosstativ (inklusive tømming) på rasteplassane vi har i bygda no.