I sentrum starta dugnadsgjengen opp kl 1400. Litt få til å byrje med, men her vart fort mange hender i aksjon. Sterke karar og damer satte opp seks tunge betongrør som vart fylt med grus, strekklaken og jord før vakre blomar i mange fargar kom på plass. Fire urner er plassert ned med kommunekaia, dei siste to på vestsida av Sæbø Bygg.
Marit og Bodil ruller dei tunge betongkara på plass.
Louise Mo, Bodil Skare, Marit R Olsen og Ingvil Flatnes samarbeidar om å få singel på plass i botnen.
Ollen og Anna fyller på med plantar.
Blomane vatnast under grundig overvåking frå gardbrukaren.
Samstundes vart det henta fleire benkar frå Kapteinkvia og plassert ut ved kaia og ved kommunehuset. Det vart fort tatt i bruk av fastbuande og av sommargjestar.
Marta og Elen etter dagens bad. Sommargjestar.
Nokre av den store dugnadsgjengentar og benkane i bruk til pausemat.
Den neste store oppgåva var "grøfterens". Vi renska at lassevis med grønt som veks opp mellom vegbana og fortau, kantstein og murar.
Else Aarseth veit kva ho gjer. Johan Riise, Helge Strand og Gunnar Lyshagen.
Prestegardsmuren ryddast. Det vart reine slåtten.....
Likeeins rydda vi litt på rasteplassen ved fergekaia og i parken. Men her er singelen så tilgrodd at det var svært vanskeleg å få det fint.
Fredag kveld starta Åshild Valset og Eldbjørg Eidem opp ein eigen liten dugnad rundt kyrkjegardsmuren. Dei var lei at at den etterkvart likna meir på ein høymolehekk enn ein steinmur. Dei fortsette laurdag, og etterkvart kom fleire til, og her vart ikkje mindre fint enn i sentrum. Her var det elles gjort nøye arbeid, og Åshild gjekk over steinane i muren med stålbørste.
Før : Etter:
Og medan mange arbeidde, kom turistar inn og gjorde nytte av bygda vår:
Båtanløp T-skjorte sal.
Fint kva?
Og så sosialt det er med dugnad!
Sæbø grendalag ønskjer å takke:
* Alle dykk som møtte opp på dugnaden vår. Nokre ser de på bilda i artikkelen over, men her var og mange andre med. Kjempeflott!
* Urke gartneri for gode blomsterprisar.
* Rekkedal Gjestestove som sponsa blomane.
* Nutte og Daffa som fiksa kaffemat (hmmm, skulebollar og te-kake).
* Holen Sand og Grus som leverte singel og maskinkraft til flytting av tyngre saker (gjort tidlegare i veka).
* Else Aarseth og Helge Strand som skal passe på at blomane får godt stell resten av sommaren.
* Mange andre, td Bellingen som fiksa kaffe og Slettedal tok seg av diverse boss.
* Og kanskje kan vi seinare takke kommunen? Tenk om dei kunne setje ut bosstativ (inklusive tømming) på rasteplassane vi har i bygda no.
Kommentarar