I går fekk eg ein svært hyggeleg e-post frå Leif Roar Strand.  Han hadde same dag vore på Kårdalstinden.  Han hadde gått frå Fivelstadhaugen og sjølvsagt hadde han hatt med seg snøbrettet sitt.

Eg vonar- og trur at Leif  ikkje vert sur på meg om eg no gjer kjent e-post nummer to frå han: 

"gjekk frå fivelstadhaugen, og som du ser av kartet er det mykje opp og ned.
brett er tingen der det er rett opp og rett ned. men ski er ikkje så værst det heller.
"hundre"  telemarksvingar i shorts og t-skjorte midtsommars i ørsta er bra utteljing for ein snøentusiast !
mh
leif strand"
Leif Roar Strand har spesialisert seg på å lage 360 grader rundskue.  Trykk på adressa under.  Når du får fram fotoet/rundskuet, kan du gjere det meste.  Klikk på fotoet og drag pila i den retning du vil - opp eller ned, til venstre eller høgre.  Nede i venste hjørne kan du også zoome om du ynskjer det.