I kveld hadde mange av Arvid Urkegjerde sine måleri kome på plass i utstillingslokalet på Sæbø skule, men Arvid er nøyen - rett måleri skal vere på rett plass.

IMG_4180 (Large)

Arvid er i ferd med å få måleria på veggen. Skal dette måleriet henge her - eller skal vi gjere slik...

Arvid stiller ikkje berre ut kunst som han har laga tidlegare, han har også laga sju nye måleri som det heilt sikkert vert rift om.

IMG_4178 (Large)

Her syner Arvid fram eit av sine nye måleri.  Er det Bade-Lauritz vi kan sjå?

Det er ei imponerande samling av Arvid Urkegjerde sin kunst som er samla inn.  Når så Arvid stiller med sju nye måleri, vert dette ei utstilling som absulutt er verd å få med seg.

Utstillinga er i andre etage på Sæbø skule - rett over hovudinngangen.