93 min. Kamp slutt, og 2-2. Det vart eit surt poengtap for Sæbø. Laget dominerte og sløste med sjansane.

85 min: 2-2. Moltustranda spring igjenom Sæbø-forsvaret, og utliknar til 2-2. Det var Moltustranda sin første sjanse i andre omgang.

75 min. Framleis Sæbø i leiinga. Sæbø køyrer kampen fullstendig. Jan Kjetil Holen og Mats Hustad har kome inn på. 

57 min: 1-2. Terje Holen skyt eit frispark i mål.

45. min. 2. omgang er i gang.

 

 

 

 Bilde00b

Yngve Frøland og dei andre Sæbø-spelarane får beskjed om å fjerne juggelet før kampen. Det er no gult kort for å ha på seg ringar, øyredobbar og anna nikkel på seg under kamp. 

45 min. Pause, og stillinga er 1-1. Sæbø har dominert i banespelet, men Moltustranda har hatt vel så store sjansar. Sæbø slit med å omsetje spelet i gode mulegheiter.

 

36 minutt: 1-1. Sæbø fekk straffespark etter at Kai Arne Skår vart felt. Stig Harald Myklebust skaut til sides for keeper og i mål. 

30 min: 1-0 Moltustranda kjem opp sitt første angrep etter ein halvtime, og då vart det mål. Sæbø har banespelet, men er for omstendelege og for upresise når det nærmar seg motstandarmålet.

 

15 min. Det er framleis 0-0. Sæbø fører kampen. Laget greier å kome til innlegg, men førebels har det berre vorte halvsjansar. 

 

0 min. Kampen er i gang. Sæbø tok avspark.

Sæbø stiller med følgjande lag: Kristoffer - Ole Sunde, Marius Strandmann (kaptein), Stig Harald Myklebust, Jan Tore Sæbønes - Kai Arne Skår, Mats Riise, Espen Frøland, Terje Holen, Terje Stokke - Yngve Frøland

 

Innbytarar:

Jan Kjetil Holen

Tommy Riise Olsen

Mats Hustad 

(Viss nokon saknar Marius Riise, så er han på kjærleiksferie i Bulgaria)

Det vert elles rapportert om nyslått bane, og mykje mygg. Det er nitten grader og overskya. Det er fem tilskodarar. Det vart frå Sæbø si side bedt om myggspray før kampen, men det viste seg å vere eit middel mor kløe laget fekk.