Tysdag var ekteparet i gong med ved og rydding av eit skogsfelt på Rise, og brende skat. Det vart brukt tendveske for å få fatt på den våte kvisten og etter det var god fyr var det ulukka hende, at kanna eksploderte, og Janneche fekk brennende væske utover seg. Frank greidde å rulle kona rundt i graset og fekk henne nedi i lita grov så elden slokna. Det vart store brannskadar på begge to, men verst gjekk det utover Janneche. Dei kom seg sjølve til lækjar som sende dei rett på sjukehus i Volda og vidare til hudavdelinga på Haukeland i Bergen. Her kom dei under kyndig behandling på Norges beste avdeling, og torsdag vart dei opererte og fekk transplantert ny hud på dei skada hudflatene.
Frank har fått mest skade på høgre handa og kona har også skade på same handa og på føtene. Begge har fått mindre alvorlege skader i anletet, men slepp her operasjon.
Når hjorundfjord.no snakka med Frank i dag så måtte han berre bekrefte at han hadde store smerter, men det var verre med kona som ligg på same rom, men får ikkje ha fysisk kontakt p.g.av infeksjonsfaren. Same kor gale det var så var han glad for at dei tre gutane(11,14 og 17år) heime hadde det bra, for der hadde systra Eva, og mannen flytta inn og tek seg av omsorga.
Begge to ville helse så mykje tilbake til naboar og alle kjente og det var godt å høyre at folk tenkte på dei, og hadde medkjensle. Frank var med godt mot for det var i fyrste omgong snakk om at dei måtte legge på ny hud i fleire omgongar, med ventetid mellom kvar gong. Dei er no ferdig opererte og så snart infeksjonsfaren er over får Frank halde rundt kona si igjen og trøste ho, og dei vert då flytta til Åse, så borna kan få besøkje dei.
hjorundfjord.no ynskjer dei god betring, og dei takka for omtanken.

Kommentarar
Dei ynskjer å sende ei helsing heim til borna og kjentfolk.
Vi ynskjer sjølvsagt god betring tilbake til Frank og Janneche frå oss alle heime.
Mens Frank hadde stoppa med ei ambulanse, han blei imponert og sendte meg eit bilde. Ambulansa var nemlig ein Rexton, så frank er i stor from slik som eg forstår det!.. Skulle helse frå dei å sei dei har det berre bra.