90 + 2 minutt. Kampen slutt. Sæbø har gått på sitt første tap for sesongen. Sæbø hadde mange sjansar, men mål vart det ikkje. Kampens siste sjanse hadde Marius Strandmann som nikka like utanfor. (Takk til Sverre Børge Hjorthaug og Rolf Egil Riise for opdateringane.)

 

83 minutt: Jan Kjetil Holen åleine med målvakta. Ikkje mål. Bergsøy-målvakta har ein svært god dag.

 

75 minutt: Framleis 2-0. Sæbø pressar, men får ikkje utteljing. Laget spelar 3-5-2 formasjon no. Stig Harald Myklebust har fått gult kort av dommar Birger Breivik frå Volda.

 

70 min.: Framleis 2-0. Sæbø har ballen mest. Trenar Holen er no i ferd med å leggje om til ein meir offensiv formasjon. Til no i år har Sæbø skåra flest mål det siste kvarteret....

 

58 minutt: To store sjansar til Sæbø, ved Terje Holen og Marius Riise. Sæbø har gjort eit nytt byte. Tommy R. Olsen har kome inn for Jan T. Sæbønes. Elles vert det meldt at Bergsøy byrjar å verte køyrde. Sæbø tek meir og meir over.

 

55 minutt: Framleis 2-0 til Bergsøy2.

 

Sæbø har gjort nokre byte: Øyvind Wille har kome inn for Terje Stokke, medan Jan Kjetil Holen har kome inn for Stig Harald Myklebust.

 

45 minutt: Andre omgang er i gang. (Start kl.19.43)

 

45 minutt: Pause.

 

44. minutt. 2-0 til Bergsøy2. Sæbø mislukkast med eit frispark, og Bergsøy kontrar. Sæbø slurvar med returløp, og det er klar bane til mål for Bergsøy.

 

39 minutt. Stor Sæbø-sjanse. Marius R. avslutta med skot like utanfor stonga etter eit fint Sæbø-angrep.

 

30minutt: Framleis 1-0 til heimelaget.

 

22 minutt. 1-0 til Bergsøy2. Eit skot frå distanse går i mål. Skotet såg ikkje så farleg ut. Fram til skåringa var det ein jamn kamp.

 

10 min: Sæbø har kome best i gang, og har hatt ballen mest. Det har vorte nokre innlegg frå kantane utan dei heilt store målsjansane. Bergsøy har hatt eit frisparkskot i muren. Det er to spelande lag som møtest.

 

0 min. Kampen er i gang. (Kl. 18.53)

 

Sæbø stiller med følgjande lag: Kristoffer Valseth -Ole Sunde, Stig Harald Myklebust, Marius Strandmann, Jan Tore Sæbønes - Kai Arne Skår, Mats Riise, Espen Frøland, Terje Holen, Terje Stokke - Marius Riise. Innbytarar: Mats Hustad, Tommy Riise Olsen, Jan Kjetil Holen og Øyvin Wille.

Bergsøy har toppa laget, og stiller mellom anna med Frank Sverre Skorpen frå 4. divisjonslaget. Det er lov for eit andrelag å stille med tre spelarar som starta i førstelaget sin siste kamp.

 

Det er ei fin kunstgrasbana som ventar, og det er varmt og nærmast vindstille.