Salet av t-skjortene våre starta under Hjørundfjorddagane i år.  Mange ville kjøpe og mange kjøpte. Men så vart det stille...

T-skjortene kom Hjørundfjorden bygdeutvikling seint i hende.  Difor har enno ikkje det organiserte salet av t-skjortene starta for fullt, men inntil vidare må vi ordne det slik at den som vil får kjøpe.  Under legg eg ut foto av dei fargane vi har på lager.

Men først litt informasjon.

Vi har tre typer t-skjorter.  Ein barnemodell, ein jente/damemodell og ein unisexmodell.  Den siste er altså både for damer/jenter  og gutar/herrar.  Dette er viktig.

Først jente-/damemodellen.  Mange har sagt at desse er små etter nummera, andre seier dei er standard.  Denne jente-/damemodellen er kortare, den har innsving og halsen er noko vidare.  Småll er str. 36, XL er 42.  Skal eg seie noko generelt, kan eg nemne at dei yngre meinte at denne jente-/damemodellen var som forventa.  Dei litt eldre meinte at denne modellen var liten.

Unisexmodellen er nok som forventa.  Eg sjølv brukar XL og den var/er standard storleik.  Men lurer du på om du t.d. skal kjøpe L eller XL - kjøp XL.

I barnemodellen har vi Royalblå og sitrongul og nokre få i marine.  Royalblå er å få i 130/140 og i 150/160.  Sitrongul i 130/140.  Marine er i 150/160.  Det kan sjå ut som 150/160 er minst like stor som Small i unisex.

Så fargane:

tesjorte2 (Large)

Underteikna har her på seg fargen petrol.  Den har vi framleis i alle storleikar både for jenter/damer og gutar/herrar.  Benedicte har på seg lys grøn/lime (vakker skjorte).  Den har vi berre i jente/damemodell.

P1010002 (Large)

Her er dusty grøn.  Berre i unisex.  Frå small til XXL

P1010004 (Large)

Turkis.  Både i dame/jente og unisexmodell, men berre opp til XL i unisex.

P1010006 (Large)

Royalblå, baarnemodell.  Både i 130/140 og 150/160.

P1010010 (Large)

Barnemodell, sitrongul.  I 130/140.

Dersom du ikkje kan kome til Ørsta for å kjøpe dei, send underteikna ein e-post og bestill.  Men:  Vi har nok ikkje kapasitet til å drive med inkasso.  Difor vert nok den rimelegaste måten at vi må ta imot pengar på kontoren vår før vi sender dei ut.  Dette vert også rimelegast.

Men send ein e-post før du evt. får beskjed om å sende pengar.  Vi må sjekke om vi har aktuell storleik på lager.

Prisen for t-skjortene vert - for vaksne:  Kr. 265,- inkl. frakt kr. 65,-  (Vert sendt i fora boblekonvolutt).

Pris for barnemodell:  Kr. 200,- inkl. frakt.

Mi e-postadresse er:  knut.hustad(krøllalfa).tussa.com

Eg må ta eit lite atterhald om kapasiteten, men i løpet av kort tid skal vi ha møte i styringsgruppa.  Vi må då få til ein dugnad og evt. sende ut t-skjorter.