Nei, det er ikkje gretne gamle gubbar, men Sunnmøre Baarelag. F.v.: Kyrre Grimstad, Arne Moe, Kjell Rune Klubbenes (frå Klubbeneset i Hjørundfjorden) og Frode Sundnes.
”Minst like bra” heiter den nye plata, som er ei samleplate. Plata har tjueto songar, der tre er heilt nye. Plata inneheld også spennande variantar av kjende baarelags-perler.
Sunnmøre Baarelag spelar også fredag i samband med Tussa Energi si opning av Trandal Kraftverk. Då er det først ”lukka lag” i telt og ute til ca kl. 22.00 Etter det vart det nok til at Sunnmøre Baarelag spelar eit par sett. Då skal det opnast for alle.
Laurdag er dagen for platesleppet. Det skjer etter at Tussa har hatt sin opne dag med omvising på Trandal Kraftverk og i Trandaldalen.
Staden for sleppfesten er sjølvsagt Christian Gaard, og sleppkonserten startar ca kl. 17.00. Når konserten er slutt, er det for mange av oss enn tidleg ettermiddag, og det va`kje ej som hadde reist heim då.
For om kvelden spelar Baarelaget til dans på CG, og lovar å spele minst tre sett. Då skal Bertil verte gåen i dansefoten – viss han får løyst seg frå sengjastolpen til ho mor.
Kommentarar
Kanskje dei kan spele på Haukly seinare.
Kanskje dei kan opne Musikkverkstedet til oss til høsten.
Kyrre satte pris på at vi satset på dei unge talenta og laget til øvingsplass for musikk.
Håper Ørsta Kommune også satser litt meir på musikk/kulturskulen og kulturhusa.
Det kan bli for sent.
Viss du vil høyre Sunnmøre Baarelag, reiser du til Trandal fredag eller laurdag. Ingen er uunnverlege. Viss du er ein god leiar, har du delegert. Ta deg fri, og kos deg.
Å vere leiar i ungdomslaget er meir en livsstil for meg.
Om eg er leiar eller ikkje så har ungdomhuset og ungdomslaget alltid våre noko av meg.