Vi ynskjer oss eit vakrare Sæbø sentrum, der det er rikeleg høve til å setje seg ned og nyte den vakre bygda vår. Då må vi få vekk rusk og rask, koste og spyle, køyre til fleire benkar og plante vakre sommarblomar.

Dette må vi vere mange om, og vi håpar så mange som råd har høve til å møte!

Vi satsar på ei effektiv, kreativ, triveleg og sosial stund, der vi stiller med noko å ete til alle dugnadsarbeidarane, mens de sjølve tek med: Kost, rive, spade, trillebår, arbeidshanskar, kaffi på kanne (eller anna drikke), godt humør og arbeidslyst. I tillegg kan vi trenge ein kantslåmaskin (grendalaget stiller med sin eigen) og reiskap til å reinske opp langs fortauskantane. 

Oppmøte ved lemmen. 

Vel møtt!