Klikk på fotoa for stor versjon.

Ein bil hadde blitt strategisk plassert ved den nye skyssbåtkaia på Sæbø, nokre morgontrøtte sauer og lam hadde  nærast - mot sin vilje - blitt  fjerna med makt frå setrevegen og ein heill flokk med grasetande hjortar hadde hytta med framføtene etter oss.  Men no var Fred Ingar og underteikna klare - klokka var 0510 og vi hadde akkurat starta å gå frå parkeringsplassen ved enden av setrevegen i Kvistaddalen. Målet var Søre Skårtind og oppdraget var testing av t-skjorter.  Vi visste at dei hadde ein vakker logo, men ville t-skjortene tole sveitte og slit?

Vi hadde festa ski og skisko på sekkane.  Isøkstur stod det i boka, men øksene fekk ligge att denne gongen. Vi satsa på ein mild og fin morgon.  Første stopp vart "Kvilesteinen" ved råsa opp mot Kvamsedalsfjellet.

IMG_4184 (Large)

Fred Ingar ved "Kvilesteinen".  Han ser mot Vassdalstinden (lengst bak).

Vi hadde for så vidt snakka om denne turen tidlegare, men vi hadde då ikkje fått dei nye t-skjortene.  Men i dag - laurdag morgon - hadde vi dei.  Dei måtte prøvast/testast.  Vi trudde som nemnt på fint vêr i løpet av morgontimane.  Vi fekk lett blanding skyer/sol, men la det vere sagt med ein gong: - Også denne turen vart "the best - ever".

Vi gjekk opp på Kvamsedalsfjellet og inn til skiljet mellom dei to vatna.  Der gjekk vi oppover mot venstre, den siste delen etter eit gjel/ei renne, men det var ingen problem å gå - sjølv med lette sko.

IMG_4187 (Large)

Fred Ingar på veg innover Kvamsedalsfjellet.  Vi tok av opp til venste ved skiljet mellom dei to vatna.

DSC04983 (Large)

Litt på tøyamark...

Panorama snørenna

...og litt på snø. Her siste del av gjelet/anørenna opp mot Sanden.

DSC04999 (Large)

Underteikna har snart lagt renna under seg.  Det eine vatnet på Kvamsedalsfjellet under.

 

IMG_4199 (Large)

Så er vi oppe - og den vakre morgonsola møter oss.

For eit B-menneske er det ikkje like enkelt å vere i toppform om morgonen, men når morgonsola møter oss i fjellet vert ein i godt humør både innvendig og utvendig.  Og no var ikkje Søre Skårtind så langt unna sjølv om det siste delen vart både sidebratt og siste del også bratt mot toppen.  Denne strekninga gjekk vi med ski på føtene.

DSC05011 (Large)

Så må skina skiskorna og skina plasserast der dei bør vere - på føtene.  Kjerringeøyra i bakgrunnen.

IMG_4210 (Large)

Fred Ingar brukte randonneutstyr i dag.  Litt bratt, ja.

DSC05025 (Large)

Som sagt bratt, men alt for fotografen. Urke i bakgrunnen.

Og så eit vakkert syn.  Nei, ikkje nødvendigvis slitne mannfolk, men sjå på desse t-skjortene på fotoa under.

DSC05028b (Large)

IMG_4211 (Large)DSC05041b (Large)

Utan Hjørundfjorden si eiga t-skjorte, hadde nok turen blitt langt vanskelegare...

IMG_4216 (Large)

Så der det Fred Ingar sin tur - framleis med t-skjorta.  Skårasalen bak til høgre.

Etter nyting av utsikt, mat, kaffi og sjølvsagt sjokolade, var det tid for det beste - nedfarta til det vakre Skår.

pan hjørundfjord

Utsikt frå Søre Skårtind.  Bygda ved Norangsfjorden er Urke.

Det kunne nok sjå ut til at køyreforholda ned til Skår kunne bli noko vanskeleg, men turen ned til Skårasetra gjekk stort sett utan problem, dvs. den vart fantastisk.  Lengst nede hadde også snøen breda seg.  OK - litt problem vart det.  Underteikna misste trinsa på eine staven.  I ein sving med dårleg balanse forsvann staven djupt ned i snøen.  95 kg i fart kan vere tungt - dermed gjekk staven i to, men pytt, pytt. Og skuldra mi er no nesten heilt bra igjen.

Vi må sjølvsagt ha med nokre køyrebilete.  Først av Fred Ingar.

IMG_4231 (Large)

Fred Ingar 3

Fred Ingar ned (Large)

Fred Ingar 4

Så forsvinn han utfor ein eller annan kant...

Under er ein annan, som var med på turen.

Knut 1

Fjellet Jakta i bakgrunnen til høgre.

DSC05051 (Large)

Kanskje renne rett i fjorden?

DSC05064 (Large)

Staven er knekt, men sjølv ein gammal mann må smile over fine forhold.

Etter kvart som vi nærma oss Skårasetra, vart det mindre med snø, men ved hjelp av gamle snøskred kom vi oss heilt ned til denne setra som nok har den vakraste utsikta av alle setrane i Hjørundfjorden?

DSC05067 (Large)

Barmark, litt skiten fonnsnø, elvar og fossar, men Fred Ingar renn framleis på ski.

IMG_4251 (Large)

Skårasetra - den setra som har vakrast utsikt i heile Hjørundfjorden. (Denne setra må hjorundfjord.no kome tilbake til)

Så var det på med lette sko, skisko og ski på sekken og deretter var det berre å ringje MS "Hjørundfjord".  Såpass luksus må alle skiinteresserte unne seg ein gong i løpet av ein sesong.

Nedover mot Skår går råsa på sørsida av elva, men Fred Ingar satsa på nordsida.  Han oppdaga feilen, men korleis skulle han kome seg på rett side?  Jau, etter kvart fann han seg ein stolpe.  Kunne han balansere seg over?  Sjå under.

IMG_4253 (Large)

Vil dette gå bra? (Nyt utsikta)

IMG_4254 (Large)IMG_4255 (Large)

Jau, det gjekk bra, men fakk han buksevatn tru?

DSC05084 (Large)

Ferja som ein prikk ut til venstre, men vi valde MS "Hjørundfjord" som her nærmar seg Skår.

Klokka ca. 1010 gjekk vi ombord i båten.  Nei, det var ikkje Oddvar som var skipper denne gongen, men reserveskipperen, som eg diverre ikkje hugsar namnet på i farta (han var frå Å i Lofoten) var ein svært så hyggleg kar.

Vi møtte sjølvsagt Gullbjørg på Skår.  Ho hadde no teke inn gjesteboka for sesongen, men ho lova at ho ville notere namna våre.  Denne helge finns det nok ingen vakrare stad enn Skår.

IMG_4260 (Large)

Fred Ingar hadde på seg t-skjorta utanpå jakka frå topp til fjord - heile vegen.  Den greidde testen med glans.  Det lukta visstnok ikkje sveitte av han i det heile.  Nedkøyringa var i området bak hovudet hans.

DSC05087b (Large)

Kan ein gjere anna enn å glise på ein slik dag?

Skistaven brotna, tyder det på at dette var den siste skituren for denne sesongen? I alle høve: Takk for turen.

Nei, vent litt - vi må ha med quizen. 

IMG_4228 (Large)

Kva heiter den spisse toppen lengst bak - omtrent midt på biletet?