Det var alltid spennande når han far smurde opp slåmaskina og starta opp.
Men vi starta alltid med å slå Nilshagen med langorv. Det var før, då Nilshytta stod på bygsla grunn.
Dagen før hadde Sima- Rasmus starta å slå i frukthagen i nedste Bakkane.
Vi visste sjølvsagt at ein knallhard slått stod for døra, men det var kjekt likevel.
Det var hesjing og atter hesjing. Det vart dessverre ikkje teke mange bilete av hesjane på
Rise. Det er for sjølvsagt når det står på. men no hadde slike bilete hatt stor verdi.
Foto frå Simabakkane frå 1954 av Bjarne Riise. Her har eindel av høyet kome i hus. At det heng att nokre halve golv her og der tyder ikkje på topp tørke.
Pelsarhuset, som vi kalla det, i venstre biletkant, var eit gammalt revehus som vi brukte til å ha hesjastaur i.
Vi ser tunet til Einar Riise i bakgrunnen. Det svarte hakket oppe i hjørnet kom av at biletet var tilklipt i ein dekorert album.
Sjølv om eg ikkje saknar hesjinga, må eg tilstå at eg har studert biletet lenge med lupe. Ei veke tilbake til slåtten i 1954 skulle eg betalt mykje for!
På dette fotoet frå 1961 ser ein at det framleis er mykje hesjing. Vi slo alltid ein del i silo før hesjinga tok til. Eg kjenner med ein gong att dei markane som vi slo først, og som ikkje vart hesja. Det er nok mykje anna interressant også på dette biletet!
Eit stort framskritt var det når forhaustaren vart teken i bruk på 60 talet.
Her er underteikna i drift med første forhaustaren. Det var eit samarbeid, der Anders Hustad eigde haustar og vi tilhengaren. Steik, kor kjekt det var!
Men endå vart mykje av graset hesja til turrhøy. Med med traktor og høysvans var det slutt med å trakke i høylasset. Det også var eit stort framskritt.
Turrhøytaking. Eva Holen, som bodde i Raudehuset på Rise den gongen og systra mi Mariann, har stilt seg opp i lag med underteikna for fotograf Edvin Riise. Bilete frå 1965.
Men så er vi komne til årets slått. Og forhaustaren er framleis i bruk.
Sigve Aklestad brukar endå forhaustar og tilhengar. Fotografen avslørar seg i eigen spegel.
Sigve var enig i at om nokre år har dette biletet stege i verdi. Kor lenge er forhaustaren i vanleg bruk?
Her er same markane som var fulle av hesjar i 1954 klar for pressing.
Jan Rune Ville er innleigd pressar i Larsagarden på Rise.
Vedlikehald må til. Jan Rune med greaspressa.
Blomstereng på Pe-garden. Eg la ikkje så godt merke til slikt før.
Har ein fotoapparat i traktoren så er det alltid motiv. Her er Otto Frøland på sin daglege tur til Gamle-Rise. Han kviler under lønnene. Denne lønna var eine målstonga når vi sparka fotball i Risegarden. Den andre stonga braut huset vårt ned då Korsafonna sletta ut Gamle- Rise i 1968.
Ole Stokke er også i gong med slåtten. Han har for lenge sidan skifta ut forhaustaren med splitvogn. Ei lessevogn med ein grov slaghaustar i fronten.
Då eg kjem med nytt lass for tøming, held Arne Johan Hustadnes & co på å lesse opp saudene for transport til hamning i Kvamsedalen.
Hallvard og bestefar fraktar avlinga til gards.
Det er kollosal skilnad på effektiviteten frå 1954 til 2007. Men der er stor skilnad på den flokken som dreiv slått før og no. For det meste ein mann, eller i beste fall mann og kone. Då kan det vere godt å ha barnebarn i nærleiken, som kan tilkallast på kort varsel.
Eg kan lett tenkje meg tilbake til stemninga når mor kom med veska med kaffi og kakestykke kl 10. Og vi sette oss ned og kopla av ei stund i strevet. Dette var kun i slåtten, og det heitte ikkje 10 kaffi, men me- morgos.
Kanskje dette vart praktisert berre på Rise? På Rise var det ordna arbeidstid. Det vart gått strengt etter klokka. Og vi slutta alltid på slåtteteigen til kl 20. Laurdagane var det kl 16. Laurdag og non, vart det sagt. Middagstida var frå 12 til 13.30.
Det vart sagt at det var bra å vere dreng eller taus på Rise.
Det einaste avviket i arbeidstida var når det var turrhøytaking. Då kunne søndagen også takast i bruk om veret var truganande.
Men slåtten tok lang tid. Eg hugsar at dei fortalde at siste turrhøyet ikkje var i hus før 20. august eit år. Så det vart lite tid til ferie. For oss vart ferien oftast ei overnatting i Nøvedalen.
Eg kan ikkje hugse at vi var misnøgde. Men travelt var det ofte. Og Nøvedalsturen, den levde vi lenge på. Særleg då vi var så gamle at vi hadde lært oss å røykje. Eg kan godt hugse ein gong Arne, bror min, Bjørn Urkegjerde og eg spretta ei gul mix så snart vi var sikker på ar Hole Peder ikkje såg oss. Eg kan nesten kjenne kor det prikka heilt ut i fingrande etter første draga.
Søndag kveld då vi kom ned att til Heimste Holen var pakken tom og fingrane brune, same kor vi gnika.
Kommentarar
Det har etter kvart blitt store maskiner i forhold til då.
Hadde eg klart å bruke desse då eg var 10 år..
Eg syntest Volvoen var stor eg den gang.
Dei har sannlig ikkje blitt mindre med åra.
Vi hadde en ny VOLVO i 1967
Far var sjuk og vi barna måtte gjere traktorarbeidet.
En køyrde traktoren og en styrte tuten på hausteren.
Første tida eg begynte å bruke traktoren åleine rakk eg ikkje begge pedalene samtidig uten å stå i setet.
Eg prøvde pløying - gjødselkøyring og ellers alt mulig som måtte gjerast med traktor.
Husker at det å køyre på 2 hjul på grunn av at traktoren steilte var eit problem.
Eg kom med full skuffe med gjødsel opp lags løda på 2 hjul då traktoren svingte seg rundt og landet oppe på traktorloddet.
Oljen sprutet ut under traktoren.
Husker at å svanse var eit problem også når tindene bøyde seg.
Eg køyrde tarktor frå eg var 8-9 men nabokonene likte ikkje når dei såg meg fare forbi på vegen åleine med traktoren.
Utviklinga innen maskiner har våre store på 40 år.
Likevel rakk eg ikkje all nostalgien eg hadde tenkt å legge inn i "natt".
Men no har eg lagt inn litt til frå ei svunnen tid.
hardt å sjå på bilde fra slåtten, når ej veit det va ette planen at ej sku vere der å slå:)
Men får en seg ny jobb so får en berre ta til takke med det.
Kjører lastebil m henger no so ej stor kosa mej likavel':)
Eg har forresten mange veninner som blir prikkete av misunning når eg fortel at besteforeldra ringer og vil låne ungane... Takk og pris for slike besteforeldre! Trur det er medisin for alle partar :-)
Så i 1995 kom eldste son min, Jarle innatt ein dag og fortalde om ein merkeleg lyd oppå marka. Eg forstod med ein gong at det var åkerrikse. Eg varsla ein i ornitologforeininga, og dei dreiv på å prøvde å fange den med lyd og garn. Eg er ikkje sikker på om dei lukkast å få ringmerkt den. Men ein bondaling som sykla forbi i skyminga og såg garnet bortpå marka, og alle aktørane, trudde at det var Smits venner som hadde fått fotfeste på Rise også. Han trudde det var åndefanging som var på gang.
Kun større og med meir finesser (som kan gå sund)
Nokre hadde ikkje mykje tru på dei første som kom.
Fram på dalen skulle dei sjå på det nye vidunderet i bruk.
Då var der en kar som kom med denne kommentaren,
Det fer grønt inn og kjem svart ut.
Var mykje tuer den gang vist.
Her på Bjørke skulle dei prøve en forhaustar då det plutselig blei en smell og bom stop.
Det stod en hjulskodning fast oppe i haustaren.
Den bulet ut der den stod fast.
Karene blei veldig sinte og vi barna gjemte oss.
Kven hadde rulla skodningen ned i graset skal tru.
Kanskje viste eg litt også.
Det er datert 17.juni, men det må vere 17.juli, kanskje?
17.juni var det nok i beste fall siloslått.
Det vart oftast starta på same stykka kvart år. Hesjane vart sette opp temmeleg likt kvart år. Og før mi tid leitte dei opp att staurhola frå året før. Men den tida var det færre hesjar og mykje meir vart turka på marka.
http://www.haestech.com/blogg/
Fabelaktig artikkel!
Å drive gard i lag med ei familie med små og store er noke av det mest givande ein kan oppleve. Men brått står du der meir og mindre som eit einmannsføretak. Det er meir som ei håplaus affære. Ein skal ha godt pågangsmot og eit minst "middels lyst sinn" for å drive på.