Dette er ein tur alle kan greie og er meint for deg som har lyst til å kome i gong med mosjon, eller t.d. vil ha deg ein luftetur etter middag.

Startar du ved ferjekaia brukar du 10 til 15 minutt opp.
Her er god motbakke så du får garantert opp pulsen.
Halvvegs oppe har Sæbø grendalag sett opp ein benk, her kan du kvile, og nyte utsikta.

Skogaløda er storstova til grendalaget, ein gong kjend i media,
no mest gøymd i krattet. Skogaløda, med bord og benkar,
kan gjeste 16 personar, her kan du arrangere familiefestar,
personalfestar… eller kva med ein romantisk date?

Vel oppe finn du meir sitteplassar. Utsikta er noko attgrodd
etter lang tid utan rydding, men det gjer ingenting, du har då kome opp.
Kom igjen, ut på tur, ta med veslebror eller bestemor!
Husk å skrive namnet ditt i fjelltrimboka, som heng på det vesle huset.
Skreve av Haldis Fiskå Mo
Foto av Lovise Mo
Ta ein tur dit! (24.06.2007 kl. 22:55)
Kom igjen, dette er ein frisk trimtur for alle,
medan du ventar på ferga, kveldstur ,morgentrim ol
Dessutan aukar vinnarsjangsane til fleire gongar du skriv deg i boka!
Bodil Skare
Å finne råsa... : ) (24.06.2007 kl. 22:25)
hehe, skjønner! Men det er så mange plasser det står at det er berre å fylle råsa, men problemet er ofte å FINNE råsa.. Men det ser ut som om vegen/råsa oppover her er veldig bra, så tilogmed eg kan finne den uten problem!
Vibeke Mo
Tja.. (24.06.2007 kl. 21:59)
Du går deg ikkje vill om du klarer å fylge den vesle råsa opp.
*Kremt*
Hugs myggspray
Lovise Mo
Merka? (24.06.2007 kl. 21:57)
No fikk eg nesten lyst til å ta turen : )(har aldri gått her eg...) Fine bilder og fin artikkel. Er det råd for alle å finne fram på denne turen? Dette må no vere midt i blinken for turistar og fastboande på Sæbø som vil ha ein liten tur med god utsikt og gode motiv til bilda frå årets ferieplass.
Vibeke Mo