Sesongavslutninga for 16 års laget vart i år på Nannestad fordi mange av jentene var på skuletur når den tradisjonelle Shell-cupen i Kristiansund vart arrangert. Dessutan er det kjekt å prøve noko nytt!

Vi reiste fredag ettermiddag og var framme i Nannestad (ikkje lang frå Gardermoen) utpå kvelden. Der vart vi godt mottekne av arrangøren som syns det var flott at vi reiste så langt for å spele handball!

stopp på Lom 

Stopp på Lom for inntak av mat å drikke. Det var var varmt heile veien, mellom 25 og 30 varmegrader.

Vi var veldig spent på nivået på "Oslolaga", vi hadde høyrt rykte om at der er høgare nivå enn på Sunnmøre..

Torill

Endeleg framme! Klokka er 23 og Torill gjer klar "senga".

 Frukost

Frokost. Rebekka og Ida.

Så var vi klare for kamp. Motstandar var Ammerud som vi hadde høyrt skulle vere eit av dei beste laga. Vi var spent!  Jentene spela godt vann 18-15 og vi vart litt overraska...

Forvirring

Vi vann! Inntak av energi før neste kamp. Trenar Anette er kry av jentene!

Neste kamp mot Holter enda uavgjort 14-14, så vart det seier over Nannestad 9-16. Siste kamp laurdag var mot Hauketo som hadde vunne alle kampane sine med stor margin og vi var spent. Hauketo leda 12-1 etter  ein forrykande førsteomgang, men då vakna Sæbøjentene. Siste del av kampen vart jamspelt men med tap 7-17 mot eit veldig godt lag.

Så var det tid for avslapping med pizza. sandvollyball og konsert.

Ida gir alt

Ida i full konsentrasjon. Sånn bane vil me ha på Sæbø og!

Søndag var det kamp mot Ull/Kisa, her vann jentene 10-9 og blei nr. 2 i pulja. Dermed var dei klare for kvartfinalespel og vi forstod at vi kom seint heimatt...

Kvartfinalen enda med tap 6-7 mot Holter etter ein kamp der jentene var prega av stress og varmen, og dei var klare for bronsefinalen.

DSCN2451

Avslapping mellom kampane. Det var veldig varmt, 31 grader i skyggen.

No var jentene tende for seier og vann fortjent 13-9 over Ull/Kisa. Bronse er kjempeflott, vi hadde ei veldig fin helg i Nannestad med fint ver og flotte prestasjonar.

tredjeplass

Bronsejentene: Rebekka,Sara, Torill, Jenny, Ida, Marita, Liv Grete, Karoline, Tiril og Elisabeth. (Malene og Else Marie prioriterte å vere med på sonesamling i fotball denne helga og var ikkje med).

Det er ein veldig fin gjeng å reise på tur med, høflege og kjekke. Gode representantar for ungdomen på Sæbø!!