
Kva heiter denne blomen?
Blomane vi finn på fjella- eller i fjelldalane våre er oftast låge. Likevel kan dei vere svært så vakre der dei nærast gøymer seg mellom lyng og gammalt gras. Sjå berre på denne fine, gule blomen som vi fann sist søndag. Men kva heiter den?
Eg hadde sett meg ned for å ta ein liten kaffipause på Vasstøylen då Lars Petter Strandmann kom i full fart. Han oppdaga då ein liten fugl som flaug av reiret sitt, gøymt i lyngen berre ca. ein meter frå der eg sat. Det var ikkje så lett å fotografere egga i reiret - kameraet ville heller fokusere på lyngen. Er det likevel nokon som veit kva fugl det kunne vere som låg på egga sine? Eg veit ikkje sjølv svaret på dette siste spørsmålet, men kanskje er det nokon som veit?

Kva heiter fuglen som har bygd reir i denne tua, tru?
Ja, også sist søndag var det ein fin dag i Hjørundfjorden. Det meinte dei etter måten mange som var på skitur på Skårasalen også. Men kanskje er det på tide å byte ut skina med fiskestonga snart?

Ski eller fiskestang? Eller kanskje både og? Ja, fjellet i bakgrunnen er Klovtinden.
Ja, på Vasstøylen. (13.06.2007 kl. 14:01)
Desse fjellfiolane vart oppdaga ikkje langt frå råsa ned til det største vatnet på Vasstøylen. Eg må nok vedgå at eg ikkje ser fjellfiol ofte. Det er ikkje mange år sidan eg oppdaga den for første gong og det var tidleg på sommaren og nettopp nede mot setra i Kvamsedalen, Knut.
Når eg tenkjer meg om, trur eg ikkje at eg har sett fjellviol andre stadar enn i Kvamsedalen og no på Vasstøylen. Takk for adressa, Enok.
Knut Hustad
Takk for fjellfiolen! (13.06.2007 kl. 13:03)
Ein ny blome å gjere seg kjend med!
Tok ein tur på google der det kom opp mykje om fjellfiol, m.a. dette:
http://www.kristvi.net/flora/F/fjellfiol.htm
Enok Kippersund
Fjellfiol på Vasstøylen (13.06.2007 kl. 09:52)
Eg har fleire gongar sett fjellfiol på bortsida av vatnet på Vasstøylen.Den likar seg best på fuktige og skuggefulle stadar, og dei som er kjende på Vasstøylen veit at det er ganske vått på den sida av vatnet. Det latinske namnet er viola biflora, biflora = toblomstra, dette fordi det ofte sit to blomstrar på same planta.
Hugsar at det var på Vasstøylen eg såg han for første gong.
Lisbeth Aklestad
Den einaste gule fiolen (13.06.2007 kl. 08:15)
Eg hadde gått mykje i fjellet før eg første gong la merke til fjellfiolen. Eg trudde det var tepperot eg vassa i, heilt til eg bøygde meg ned.
Kvamsedalen har ein stor bestand i nærleiken av sætra. Sjå langs dei små elvane.
For nokre år sidan var det heilt gult einskilde plassar.
Reiret er nok eigd av ei piplerke, trur eg. Både heipip og trepiplerke finst i områda våre. Sikker kan ein amatør ikkje vere, utan å sjå fuglen i alle fall.
Fann du fjellfiol på Vasstøylen Knut?
Knut Riise