Pril

 Prillar-Guri er varig verna

Assisterende riksantikvar Sissel Rønbeck og konsernsjef Jon Fredrik Baksaas i Telenor skreiv under avtalen om vern tysdag 19. juni 2007. Signeringa fann stad i den aller fyrste kiosken som vart utplassert på Akershuskaia i Oslo.

  

- Telefonkioskar av denne typen er eit viktig element i den historiske utviklinga av telekommunikasjonen i Norge. Føremålet med avtalen er å sikre og bevare eit av dei mest synlege og kjende kulturminna knytttil Telenor si (tidligere Televerket) verksemd. Kioskane er ein viktig miljøkomponent og eit framifrå eksempel på norsk funksjonalistisk industridesign med internasjonal anerkjenning, seier Baksaas i ei pressemelding.

Telefonkiosken vart teikna av Arkitekt Georg Fredrik Fasting etter ei konkurranse utlyst av Telegrafvesenet 5. mai 1932. Med sin stramme, funksjonalistiske stil har kiosken kome med på DOCOMOMOs (Documentation of Modern Monuments) liste over moderne designikon. Talet på telefonkiosker på 70 - 80 tallet var nærmare 6000 stk. No har vi berre 420 telefonkiosker igjen.

 

I 1932 utlyste Telegrafvesenet ei arkitekttevling om ny telefonkiosk. Det kom inn 93 forslag. 11. desember same året vart vinnerutkastet utpeika. Juryen sa:

 "Nr. 80 «Riks». Utkastet viser en helt frapperende enkel løsning av opgaven, såvel teknisk som estetisk set vel gjennemarbeidet. Det løser alle programmets fordringer på en tilfredsstillende måte. Såvel i planløsning som opbygning har forfatteren truffet midt i blinken. Utkastet har en sådan form at en kiosk med denne utførelse kan opstilles nær sagt hvorsomhelst. Brugsanvisningen kan med fordel anbringes over apparatet, men kan også den foreslåtte ophengning godkjennes. Døren må slå utad."-