Natohovedkvarteret eller SHAPE som det heiter, er det militære hovedkvarteret til NATO.  Det ligg utanfor Mons ,40 minutter fra Brussel og 10 minutter fraden franske grensa. shape

 SHAPE er ei forkorting for: Supreme Headquarter Allied Forces Europe.  Mottoet i logoen er Latin og betyr: Årvåkenhet er prisen for fridom. Dei to sverda står for den makta som må brukast for å beskytte fridomen og til saman dannar dei bokstaven A for dei allierte. Olivenblada er henta fra den greske mytologien og skal symbolisere freden. Dei 12 sølv olivenblada i bakgrunnen står for dei 12 første NATO landa.

 

 

Her på SHAPE er det ca. 15 000 soldatar fra alle NATO landa og nokre få fra dei landa som samarbeidar med NATO.  Det er ca 20 norske offiserar og 11 vernepliktige som representerar Norge, Blant dei vernepliktige er det 6 militærpolitifolk som voktar inngangane og tek sikkerheits runder i leiren. Det er 3 assistentar og ein sjåfør som jobbar for det norske sørviskontoret og meg som jobbar på ei avdeling som heiter J5.

 

Natohovedkvarteret

 J5 Plans & Policy er ei av 9 avdelingar som har tilhold i NATO hovedkvarterert. J5 er ansvarleg for dei framtidige planane og retningslinjene til NATO soldatane. Eg jobbar her på eit kontor saman med ein britisk sersjant og ein tysk sersjant major. I tillegg til oss er det ein italiener ein franskmann og ein kroat som høyrer til vår del av J5. Vi har eit godt miljø og dei likar godt å høyre om "Life in the fjords" som dei seier. Spesiellt enkelte hjortehistorier ol. Eg er visst nok den einaste norske vernepliktige i NATO ,fordi dei andre står under norsk kommando, medan eg har ein britisk Brigader som sjef. Jobben går rett og slett utpå å vere eit slags sørvis kontor for dei andre delane av J5. Sidan datasystemet på J5 er strengt hemmeleg må alle e-maila og cd brenning gå gjennom våra kontor.

 

P6040414

 

Jobben er litt krevande ,sida eg ikkje kan skryte på meg å vere blant dei mest darakyndige fra Bondalen, men den er veldig lærerik og særs spannande. Her møter eg offiserar og generalar fra alle dei europeiske landa i korridorane. Berre på enkelte skyfrie netter kan eg hugse å ha sett like mange stjerner som her. Her har eg på meg den uniforma som vi må nytte når vi er på kontoret. Eg trivest veldig godt her nede man må nok innrømme at eg lengtar litt heimat når eg ser alle dei fine sommarbilda på portalen. Heldigvis får eg komme heim i juli når ho mormor er 70 år! :)

 

 MVH:    Corporal R.Olsen J5