Det har ikkje vore lett å få auge på månen i det siste.  No kan ein sikkert hevde at det har samanheng med svært så korte- og heller lyse netter.  Det kan så vere, men den har utan tvil vore litt ute av kurs.  Ei justering måtte til.  Ronny Opahl Haugen frå Åmdalen og Ørsta tok oppgåva og no skal vår kjære og einaste måne vere tilbake i rett bana.

P1010096 (Large)

Ronny på veg opp for å gjere juseteringa.

For å kunne gjere ei justering av bana til månen, må du vere på rett plass til rett tid.  Du må kort og godt nå månen.  Som vi veit er månen på himmelen høgt til fjells.  Ronny valde Romedalstind ein sein nattetime.  Det var rette plassen denne natta.

P1010093 (Large)

Ops - pass på så du ikkje får månen i hovudet.  Ronny har heldigvis hjelm på seg.

P1010089 (Large)

Nei, nei...Høgre arm må litt ned....

P1010090 (Large)

Så, no nærmar det seg. Kan du presse månen litt til venstre så kjem den på plass...

P1010091 (Large)

Der, ja.  No skal månen vere i rett posisjon.

Ser du opp på nattehimmelen no, skal månen vere veksande.  Er den det, er den også tilbake på rett kurs.