DSCN2428

Dei ser litt tankefulle ut etter kampen, Terje Stokke (t.v.), Marius Riise og Kai Arne Skår. Men saman skåra dei sju av måla.

Sæbø var klare favorittar på førehand, og det opna oppskriftsmessig. Før det var gått ti minutt leia Sæbø 2-0. Først skåra Marius Riise på eit gjennomspel, og der etter skar Terje Stokke inn og skaut i mål frå skrått hald. 

Utover omgangen hadde Sæbø kontroll, men greidde ikkje å omsetje sjansane i mål. 

Rett før pause opna kampen seg skikkeleg. Etter førti minutt vart det 2-1. Hjørungavåg fekk straffespark, og det vart ekspedert i mål. Eitt minutt før pause auka Sæbø leiinga. Kai Arne Skår var sist på ballen eter eit legg frå Marius Riise. Det var ei skåring det lukta offside av. 

DSCN2431

Stig Harald Myklebust skåra på straffe.

Hjørungavåg på si side hadde oppdaga at Sæbø slurva i forsvar, og like før dommaren bles til pause, skar ein spelar igjenom på Sæbø si høgreside og laga 2-3. 

Om det skjedde mykje i slutten av første omgang, skjedde det minst like mykje i starten av den andre. Først utlikna Hjørungavåg til 3-3 etter eit frispark der ballen skifta retning. 

Men Sæbø gjekk rett frå avspark, og tok leiinga igjen. Kai Arne Skår skar igjennom og skåra sikkert. Tre minutt seinare vart det 5-3 til Sæbø. Marius Riise vart dytta overende, og det vart straffespark. Stig Harald Myklebust skåra sikkert. To minutt seinare fekk Sæbø ei temåls-leiing. Marius Riise kom igjennom, og vippa ballen over Hjørungavåg-målvakta og i mål. Klasse. 

Tjuetre minutt ut i omgangen vart det 7-3. Det var ein kanonade med Hjørungavåg-målet, og det slutt var det Kai Arne Skår som fekk ballen for mest ope mål, og han skåra sikkert. Minuttet etterpå vart det straffespark til Hjørungavåg, då ein spelar vart felt. Straffesparket gjekk i mål. 

Etter 32 minutt skåra Kai Arne Skår sitt fjerde mål for dagen. Det var klyngjespel framfor mål,og Skår viste målteft og fekk ballen over streken. 

To minutt før slutt skåra Hjørungavåg sitt femte for dagen, igjen etter at det vart slurva i feltet. Like før slutt hadde Sæbø ballen i nota ein gong til. Det var Øyvind Taklo som fekk fulltreff, og klistra ballen i hjørnet. Men skåringa vart annulert for offside. 

Dermed vart det tre nye poeng til Sæbø i ein kamp laget ikkje imponerte særleg, trass i åtte mål. I trenar Holen sitt fråver vart det slurva med det defensive. Læresetninga om at ein angrip som eit lag – og forsvarar seg som eit lag, vart gløymt.

Tabellen finn de med å fylgje linken her:

http://idrett.speaker.no/07/ResultatService.aspx?0=2&1=Fotball&2=Norge&3=2007%20-%202007&4=281522&5=&6=&7=&8=