Inspirert av dei mange assosierande kommentarar til biletet av herr G. Unefeldt, legg eg ut eit "skrytebilete" av meg sjølv og kleppar Jostein Koppen. Laksane vart teke på åpninga i 1984. Båe på Riise.Konkurransen er som følgjer. Dei som tippar rett vekt på fiskar og kleppar........Nei, unnskyld! Dei som før åpninga på årets laksesesong i Bondalselva, (kl.24.00 den 14. juni) tippar rett vekt på desse 2 laksane, gjev eg ein villaks i løpet av sesongen! Den først som event. tippar korrekt, er vinnar!