Før lakseåpninga i elva vil eg mimre og minnast oppatt litt....frå ei svunna tid. Vonleg til glede for enkelte vitjande på portalen. Personen på biletet er herr Gustav Unefeldt frå Sverige. Skulesjef i Strømstad.Han ferierte fleire år på Hustadneset. Ifølgje Arne J.Hustadnes på midten av 70-talet. Filmen vart ifølgje T.Hustad spelt inn i 1987. Meinte han. Men var ikkje heilt sikker. Laksen vog vel 7 kg og vart kleppa av underteikna. Han sende meg biletet til jul. Gustav var som sagt skulesjef, men på fritida skreiv han krim.romanar. Mellom lakseslaga i Bondalselva vart romanen "Polisen som inta vågade ta semester" forfatta. Utgongspunktet for romanen var nemleg på Hustadneset. Ikkje nok med det. Romanen vart filma, bl.a der! I manuskriptet skulle Aslaug Hustadnes (dotter til Anders) reise til Oslo på sjukepleiarskule, og vart.....myrda! Historia vidare minnast eg ikkje, men Aslaug er i alle fall meir enn oppegåande, og det er det viktigaste! Mor på huset var ingen andre enn Anne M Ottersen i sine beste estetiske år! Bonden på garden var ikkje Anders, men hald dykk fast! Sjølvsagt Tomas Hustad! Fotogen allereie då! Oscar-nominert vart han for den beste bi,bi osv.-rolla. Det skal i rettferd seiast at Tomas ikkje hadde ein einaste replikk. Han skulle berre frå tid til anna stå i fjøsdøra og sjå skummel ut. Noko som Tomas gjorde fortreffeleg! Lat imidlertid ikkje Tomas stele heile showet i dette vesle attersynet. Villaksen med sine 7 kg burde ha fleire Oscar, spør du meg.....
Kommentarar
Eg synest den ser for rund ut til å vere camaro eller firebird, dei går det ca 13 av på dusinet i Ørsta no...
litt dumt å lage quiz ein ikkje veit svaret på?
"Ottersen i sine beste estetiske år!" Bra helge!
http://no.wikipedia.org/wiki/G%C3%B6sta_Unef%C3%A4ldt
http://hem.bredband.net/b140510/filmer/episodguider/polisen_i_stroemstad.html#semester
Ser ut som Anne Marie Ottersen kjem inn i del 2 og "Fru Hustadness" i del 4.
Nokon som har denne tv-serien på VHS eller kanskje Beta? :)
Får ikkje trekantvindauget framme til å stemme heilt med denne.
Gøsta Unefeldt rekna med dette ville verte ei fantastisk reklame for Sæbø og Sunnmøre skreiv artikkelforfattaren. Delar av filmen vart filma i Hovdevikhuset. Vi har serien på VHS, Eit grumsete opptak frå Svensk TV
Magnar gav meg litt "korreks" i dag for ikkje å ha nemd "Hovdevikhuset." Magnar sin tidlegere prakteigedom. No eigd av Roy Lillebø med familie. Hermed no gjort, først av Rune Mo.
Aslaug Hustadnesd si "filmskjebne" vart fortalt meg av Arne Johan.
Hyggeleg med så mange assosiasjonar til eit bilete/ei forteljing!
Er einig med Alf Ole når det gjeld Cliff R. Scena var midt i sentrum og garderobe var kaihuset.
Var det ved same høve Elisabet Grannemann opptrådde? Eg minnast i alle høve godt at Chr. Walseth ("Kikken") sat med ho på fanget og vart fotografert. Til stor stemning! Kanskje nokon har bilete?
Ein tanke eg har er å få ei oversikt over kva filmar o.l. som er innspela her i fjorden. Veit om "Bortreist på ubestemt tid" (litt av den) og "For dagene er onde"...
Anette Lyshagen
Ein annan kortfilm som eg ikkje hugsar tittelen på handlar om ein stressa og irritert forretningsmann, spela av Lasse Kolsrud, som i første omgang ikkje får plass på ferga mellom Leknes og Sæbø og må pent stille seg i kø. Undervegs på fergeturen får han opp augo for idylliske Hjørundfjorden og tek seg tid til å roe ned og slår av mobiltelefonen med alle forretningsavtalar når han kjem i land. Statistar som eg hugsar i filmen er i alle fall Ollen, Jostein Kvistad (m buss), Rolf Egil Riise (m bakarbil), Erlend Walseth og Arnar Holen.
Nokon andre som hugsar denne filmen og fleire bondalingar som var med? Vart vel spela inn tidleg på 90-talet ein gong. Meiner Alf Ole har begge desse kortfilmane på VHS.
Fleire som har oversikt over andre kjende/ukjende filmopptak frå Hjørundfjorden?
og at det var ein stad der stressnivået var på eit minimum. Turistreklame ! Ollen, Rolf-Egil og Arvid Urkegjerde satt og spelte kort i fergesalongen medan den stressa forretningsmannen bestilte kaffi og svele :) Beatpoetane var ein morosam film, ikkje rart etter manus frå Ragnar Hovland si novelle. . (Vil anbefale romanane "Sveve over vatna" og "Dr Munks testamente" av same forfattar !) unge Ryste synte her tidleg sitt talent og ein del av opptaka var gjort i Bondalen. Trur ikkje det var så mange Bondalingar med som statistar her, men eg huskar ei scene der bl.a Aina Slettedal møtte beatpoetane på Villabrua ! dei 2 unge karane kom køyrande nedover dalen i ein sjølvlaga "doning" og skulle imponere jentene med diktlesning og poetiske replikkar. Trur ikkje det gjekk heilt slik dei hadde tenkt :) Elles er sjølvsagt Hjorundfjord-filmen frå tidleg 70 tal, laga av Teamfilm med Mattis Mathiesen i spissen ein lokal film som må nemnast. Den kom vel i ny utgåve innspelt på dvd for eit par år sidan.
Det var filminnspeling, og han hadde konsert midt i sentrum, på kaia! Det var stuvende fult av folk. Elisabeth Grannemann og Dizzie Tunes var der og…dei var med i same filmen.
Eg har bilder av Cliff i aksjon på sena på Sæbø, i gul skinndress!!
Det var ikkje i sammenheng med Hjørundfjordfestivalen, denne filminnspelinga.
Det var far, Anders Hustadnes som starte med å arr. Hjørundfjordfestival…… (forløparen til dagens Hjørundfjorddagar).Dei første festivalane var på Øye. Eg var på festival på Øye saman med Åse Tverberg då vi var 14 år( 1969.)Eit av dei første åra var Ivar og Kari Medås der!
Når det gjeld "Polisen som vegrade ta semester"…så stemmer det at Gøsta Unefeldt fekk inspirasjonen på Hustadneset…. og henta persongalleriet frå oss på Hustadneset … han sat og skreiv i den vesle hytta til Arne Johan som han bodde i. Romanen vart laga TV serie av….sendt på svensk og norsk tv. Ein nabo i Lier tok den opp for meg då den vart sendt på tv… på slutten av 80-talet, trur eg.., men han hadde glømt å få på lyden! Det er rett at dotter på garden (eg) i filmen reiste til Oslo for å beg. på sjukepleierskule… og vart seinare myrda på ein holme i den svenske skjærgården!(eg flytta til Drammen i 1973 for å starte på sjukepleierutdanninga!)
Under filminnspelinga på Hustadneset filma dei på mitt gamle rom, og eg såg ungdomsbilde av meg sjølv som hang på veggen!
Som Helge Strand skriv lever eg i beste velgåande! Eg bor no faktisk på ein liten holme i Tvedestrandsfjorden! Satsar på at det går bra!
Har 500 m. gangveg til bilen, over ei lita gangbru! Jobbar i Arendal kommune!
Om få dagar set eg kursen til Sæbø/Hjørundfjorden!
Sommarhelsing frå Aslaug