Hjørundfjordportalen » Lokalt » Kva tenkjer Telenor?

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
telenor

Kva tenkjer Telenor?

Ordet går om at Telenor ikkje lenger vil stille alle innhalds-leverandørar likt på Internett, som nett-skikken har vore til no, men at dei som betaler best for seg, skal få beste sørvisen, - og så får ein sjå kven og kor mange det blir.

Nokon som veit noko meir?

Lagt inn av Enok Kippersund
25.06.2007 14:51

Kommentarar

Roy-Magne Mo - Gamal sak 25.06.2007 kl. 15:31
Dette er ei eldgamal sak, trur den stammar tilbake til rundt 2000, så vart den aktuell igjen nokre år etterpå. Telenor passar på å drage den opp igjen innimellom for å sjå kva reaksjonar dei får.

Dei fleste internettleverandørar har i dag særavtalar allereide med Telenor, så dette får ikkje så veldig stor betydning.

NIX (NIX1 og NIX2) er berre ein del av det norske Internett, ikkje så sentralt som enkelte bladfykar likar å tru.
Enok Kippersund - Gamle bladfykar og nye 25.06.2007 kl. 16:05
Hei, Roy-Magne! Dette veit nok du meir om enn eg, som eg tenkte, men likevel: Så fort som ting skjer i dag, og så marknadsorientert som Telenor er, kan vi stole på at ikkje pengemakta tek fastare grep om nettet som vi småfolka på grasrota kjem til å få svi for? NIX trix?

Du meiner altså at internett vil halde fram på ein rimeleg grei og demokratisk måte?
Roy-Magne Mo - Framtida for nettet 25.06.2007 kl. 16:19
Eg personleg ser større spøkelser enn Telenor, kontrollsøkande styresmakter og politi er nok den største faren. Nettet har nok aldri vore demokratisk på nokon måte, men det har vore bygd ut etter behov heile vegen - så har nye moglegheiter dukka opp samtidig som tilbodet har vore der. I Noreg har Internett hatt kommersielle interesser ganske så lenge.

Det er dessverre stort sett berre store selskap som er drivne etter ambisjonar om å auke sin eigen børsverdi som i dag er tilbyderar av Internett. Dette går nok i bølger, innovasjon skjer helst i mindre selskap som har litt andre interesser enn det.
Enok Kippersund - Stelenor eller Telenær? 25.06.2007 kl. 16:41
Det er så rart med det, veit du, - vi prøver gjerne å tru det beste om vårt eige Telenor, i det lengste, - og stort anna å gjere har vi vel ikkje, prøve å halde oss orientert.

Så kva trur du er klokast å gjere, for oss brukarane innanfor bygdemobilisering, korrespondanse og hobby?
Roy-Magne Mo - Telenor 25.06.2007 kl. 16:52
Den Telenor eg kjenner som både konkurrent og kunde av dei, er ei imponerande evne til å klare å snu seg rundt når det trengs - vanvittig evne til å mjølke dei moglegheitene dei sit på. Det er få land som har hatt eit televerk som har evna å omstille seg så mykje.

At dette selskapet skal sitte på det offentleg finansierte koparnettet er eit stort problem. Desse selskapa er på papiret forskjellige frittståande AS, men praksis er noko anna.

Telenor har aldri i Noreg vore sentral i utviklinga på Internett, dei har alltid kome etter når dei ser dei er nødt til å beskytte investeringane sine, eller er må setje ein stoppar for noko som kan verte ein brysom konkurrent. At Telenor alltid har hatt gode politiske kontakter, har heller aldri skada dei.

Telenor si store mjøleku er fortsatt trafikk i fast-telefonnettet, dette er for lengst nedskrivne investeringar samt at dei sit på koparleidingar som nokon andre allereide har betalt for.
Enok Kippersund - Drøfting på torsdag 25.06.2007 kl. 18:14
Fall seg slik at i avisa til ettermidagskaffien viste denne meldinga seg fram:

Drøfter Internett

IKT-Norge har invitert partiene på Stortinget til debatt om Internetts framtid i Norge, og debattmøtet blir holdt kommende torsdag.

Bakgrunnen er Telenors beslutning om å trekke seg fra NIX-avtalen og i stedet ta betaling av innholdsleverandører på internett.

Norway Internett Exchange (NIX) er navnet på knutepunktet som brukes av alle store norske tilbydere av Internett-tjenester. Knutepunktet blir driftet av Universitetet i Oslo (UiO) og har i alt 170 ansatte. Generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Norge har full forståelse for Telenors ønske om å utrede nye forretningsmodeller knyttet til sin egen infrastruktur. (NTB)
Roy-Magne Mo - IKT-norge 25.06.2007 kl. 21:43
IKT-Norge er ein organisasjon som er og har vore i hendene på programvarebransjen, Per Morten Hoff har ein lei tendens til å stikke seg fram å seie gapne ting kvar gang han har sjansen til det. Men dessverre er det lite andre organisasjonar på bana her.

Abelia har også vore og uttalt seg om dette:
http://www.abelia.no/article591.html?CorepublishSession=78cfa12752662f73a0272b83071d61b3

Telenor har allereide private avtalar med alle dei som dei vil prate med, så dette er ikkje noko nytt - har sjølv vore med på å etablere ein slik tosidig avtale med Telenor.
Enok Kippersund - Har mine tvil om fri konkurranse 26.06.2007 kl. 18:26
Takk for lenkje til Abelia, kven no det er.

Her les ein:
"Fra 1. juli går Telenor over fra å utveksle datatrafikk med andre internettleverandører via Norway Internet Exchange (NIX), til å inngå direkte avtaler med hver enkelt leverandør. – Det er nå viktig at myndighetene ikke griper inn og regulerer, sier Paul Chaffey."

At myndigheitene ikkje skal gripe inn og regulere er ikkje eit godt råd - om ein skal sjå på kva fri konkurranse har ført til i f.eks. daglegvarebransjen!
Enok Kippersund - Innhaldsleverandør? 27.06.2007 kl. 13:05
Skal ikkje tvære ut dette ordskiftet, Dei Nynorske Fetspela kallar! For meg har det vore nyttig og lærerikt, og det blir nok mykje meir å setje seg inn i etter fattig evne. Kven er innhaldsleverandørane, og kva leverer dei? Er Hjørdunfjordportalen ein av dei?

Takk så langt!
Roy-Magne Mo - Innhaldsleverandørar 27.06.2007 kl. 14:22
Hjørundfjordportalen er ein innhaldsleverandør.

Dersom ein tenker seg skiljet at nokon produserar informasjon/data og nokon kun konsumerar, så har ein eit slikt tydeleg skiljet.

Rundt NIX-debatten, går frontane mellom innhaldsleverandørane og nettleverandørane, nettleverandørane er dei som eig og tilbyr infrastrukturen for å få innhaldet fram. Innhaldsleverandørar er sjølvsagt avhengig av infrastrukturen og dei som konsumerar, spesielt om dei tek betalt for tenestane sine.

Veldig mykje innhald har vore produsert av reine altruistiske interesser, hobbyprosjekt, akademiske prosjekt osv. I dag er det ganske mange innhaldsleverandørar som lever av å tene pengar innhaldet sitt, då vil infrastrukturleverandørane ha ein del av kaka.

Dei fleste internettleverandørar driv ikkje med berre Internett, men bygg også infrastruktur for telefoni og anna datatrafikk på felles infrastruktur, slik av avhengigheita ikkje er like gjensidig her - i det minste ikkje for Telenor sin del. Sjølvsagt er alle infrastrukturleverandørar interessert i å tene betre på sine investeringar, samt rettferdiggjere meir utbygging.


Tilfeldige artiklar:

Styremøte rampa 100908_1

Elvarampa tursti - frå Hustadbru til Kvistad brua.
(19.09.2008)

Helge Ramstad portrett

Urke Utvikling SA er etablert (2.utg.)
(30.01.2013)

Frå Stålberghornet

URKE - Vi vitjar vakre Urke
(20.02.2011)

Møte på Dampen Berkraft

Berekraft i reiselivet i Ørsta
(21.03.2019)

65_151810663

Nye bustadar på Sæbø
(16.11.2014)

PIC_3364

Tiltakspakken
(26.01.2009)

P1030851

Info-bu Urke: Grunnlaget på plass
(01.05.2010)

Det lysnar på rampa til Rise

Dugnad på elvarampa igjen.
(31.08.2007)

Dugnad og anna 016

Dorit Rønning ny grendalagsleiar
(07.04.2014)

Placeholder for 404-bilder

Bygdejulebord
(28.11.2014)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023