Veret var fantastisk og gauken gol utan stans medan vi rusla oppover Frølandsdalen til klokkura.
På stokkesetra hadde vi ei lita pause.
Då vi kom fram i Klokkura skreiv vi oss inn i boka som ligg i eit rør i nedkant av ura.
Alle var enige om at veret var så fint og kvelden så ung at vi måtte ta turen til Tryvatna.
Tryvatna var snøfrie , untatt det eine lengst mot Ørsta, der var framleis ein brede i vatnet.
Ingen våga å bade denne gongen, men vi var alle samde om at dette var ein fantastisk tur!
Kommentarar