Kvar enkelt syter for overnatting, og det er eit sterkt ønskje til rette maktene å syte for godt og lagleg ver.

Laurdagskvelden vert det spekemat og programinnslag etter kulturvandringa på Urke. Både grendahuset og det største teltet som kan skaffast i kommunen, blir samlingslokale. Butikken har utvida opningstid både laurdag og søndag.

Søndag vil mange delta på Hjørundfjord sogelag si kulturvandring på Stennes og vert og  turar til bjørnehiet i Leknesdalen til Myrsætra og den nyrestaurerte Haukåssætra, eit høveleg spassertur framover Urkedalen   i sæterjentene sine fotspor. Komiteen gjer sitt beste for å legge til rette for ei triveleg heimkomehelg og ynskjer alle vel møtt og viser til informasjon på www.hjorundfjord.no.

Raum

Eit nostalgisk Urke-bilete. Her er det rutebåten, gode gamle @Rauma@ som straks skal slakke ned for å legge til kai på Urke. Rutebåten var dagens dagsrevy for femti år sidan. Biletet er teke tidleg på 1960-talet. Fotograf er John F. Urke (1918-2004) På grendahuset er det planen å lage ei heil utstilling med slike bilde. Folk vert bedne om å ta med bilde til heimkomesamlinga.

 

Helsing Torbjørn Urke