Dette er eit samarbeidslag mellom Åmdal, Ørsta og Sæbø. Ingen av klubbane hadde nok spelarar til å stille eige 14-års lag så då er det greit å kunne samarbeide. Vi har gode erfaringar med samarbeid frå før og ser det positive både sportsleg og sosialt! Roger Holen er trenar for jentene og dei stortrivest både på trening og kampar!

J14

J 14 Åmdal/Ørsta/Sæbø: bak fv. Ingeborg, Hilde, Bente, Sunniva, Malene, Solveig og Ragnhild.  Framme f.v. Mari- Zamanta, Maren, Dorthea, Grethe, Simone, Kristine og Ingeborg. Else Mari fremst. Emilie manglar.

                                                                                               

Ingen av laga hadde tapt nokon av kampane sine tidlegare denne sesongen og begge laga hadde 12 poeng.  Jentene gikk i angrep med ein gong kampen starta og etter nokre minutt sette Malene ballen sikkert i mål. Å/Ø/S forrsette å presse heile første omgang, men det vart berre 2 mål.

Etter pausa var det Hødd som gikk i angrep, men med flott forsvar og godt keeperspel vart det ikkje mål. Etter kvart kom Å/Ø/S tilbake med flott spel og mange sjansar.Sluttresultatet vart 6 -1 og jentene kunne reise heim med tre nye poeng!

seier over Hødd

Vi vann over Hødd!

Målskorarar: Malene 4, Kristine 1 og Maren 1.

Neste kamp er mot Volda 2 på legene laurdag 16 juni kl 16.00.

 

vi vann

Glade jenter etter seier over Hødd!                                                                                      Bak fv. Mari- Zamanta, Hilde, Bente, Kristine, Dorthea, Grethe, Malene, Emilie og Solveig. Framme fv. Ingeborg, Maren, Simone og Ingeborg. Else Marie heilt framme. Sunniva og Ragnhild spelar også på laget.