Det er ikkje mange bussar hos Fjord 1 Buss Møre som har eige namn, men buss nr. 111 fekk også namn.  I 1994 vart bussen døypt til  "Invild" etter gudmora Invild Bryn - for den som måtte lure...

Denne bussen har i alle år vore bondalingane og Hjørundfjorden sin eigen buss, men den 20. april 2007 var det slutt - trudde dei fleste.  Denne dagen havarerte "Invild" i rundkøyringa v/Esso i Ørsta.  Delane av koplinga kom nærast ut gjennom sida på bussen.  Dette vart ein svart dag, særleg for den faste sjåføren Jostein Kvistad.

Men Jostein meinte "Invild" framleis kunne gå mellom Ørsta og Sæbø i mange år - dersom ho fekk ei sårt tiltrengt oppussing.  Han fekk med seg sjefen på Møre Auto AS - Helge Ryste og for å gjere ei lang historie kort: Fredag er  buss nr. 111 - "Invild" tilbake i fast rute mellom Volda/Ørsta og Sæbø - vakrare enn nokon gong.

P1010028 (Large)

Buss nr. 111 til Fjord 1 Buss Møre.  Den har namnet "Ingvild" og Helge Ryste er svært nøgd med resultatet av oppussinga.  (Samanlikn denne bussen med bussen på fotoet under.?

Det er Møre Auto AS som har vedlikehaldet til bussane til Fjord 1 i vårt område og det var sjefen for busselskapet, Magne Hetle, og Helge Ryste som i fellesskap kom fram til at det kunne vere økonomisk forsvarleg å gjere ei omfattande oppgadering av bussen. 

IMG_0008 (Large)

Ryste ved siden av "Invild" før oppussinga starta.

For den som er spesielt interessert, kan det nemnast at Invild har fått ny motor, kopling, gearkasse og retardar er nyleg overhalt og sjølvsagt har bussen fått nye emblem, logoar og hjulkapslar m.m.  Men det mest synlege er nok at bussen er nylakkert.  Den har fått busselskapet sine moderne fargar.  Busssjåfør Jostein er svært godt nøgd med lakkeringsarbeidet og han kan ikkje få rosa lakkerar Frode Wangen nok.

P1010017 (Large)

Bussjåfør Jostein Kvistad(t.v.) er svært godt nøgd med lakkeringsarbeidet som Frode Wangen(t.h.) har utført.

Og så var vel "Ingvild" klar til å setjast inn på "Bondalsruta" igjen?  Nei, Jostein mangla prikken over i-en.  Han hadde sett ei reklamebrosjyre for Hjørundfjorden og dermed fekk han ideen: "Invild" måtte få eit vakkert foto og ei reklame som gjer ein kvar brukar av hjorundfjord.no stolt.  Etter nye forhandlingar med Helge Ryste, firmaet IK Reklame og leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo, fekk Jostein det igjen slik han ynskte.  Sjå under.

P1010018 (Large)

Eit vakrare bakparti på ein buss er vanskeleg å finne... Frode Wangen og logosjef Arne Jan Vollsund, som har fått på det vakre motivet på bussen.

Og no var vel bussen klar for "Bondalsruta"? Nei, framleis mangla ein skikkeleg nedvask av bussen og ikkje minst boning. (Men i skrivande stund er nok det også gjort).  Om det er Jostein sjølv som har handplukka vaskarane, skal vere usagt, men han meinte i alle høve at desse tre var dei beste som var å oppdrive.  Sjå foto under.

P1010025 (Large)

Dei tre som i ettermiddag var klare til å gjere den siste finpussen.  Det er Anne-Karin Lystad som har med seg Trude Stokke(t.v.) og Ingvild Hagen(t.h.).

Vi tek med ei lita historie til slutt.  Helge Ryste ser ikkje vekk ifrå at Jostein vil køyre begge skifta på "Bondalsruta" ei stund frametter.  Eit par andre bussjåførar har nemleg i det siste vore uheldige å skrape opp eit par bussar ved passering av den smale Høgebrua. I alle høve får nok ikkje desse to køyre "Invild"...

No skal helst ein reportar vere nøytral, men underteikna tillet seg med dette på vegner av hjorundfjord.no å takke for det arbeidet som er gjort med bussen og ikkje minst den flotte PR-en vi utan tvil no vil få.

P1010020 (Large)

Frå venste:  Pål Grepstad, Helge Ryste, Jostein Kvistad og Frode Wangen.