Eg er glad for turistar av alle nasjonalitetar som vitjar oss i Hjørundfjorden. Langsamt kjem gledeleg nok folk frå land i aust-Europa.I kveld måtte eg med "tungt hjarte" syne bort 3 personar frå Tsjekkia som i så måte ikkje forstod fiskereglane i nærleiken av elva. Alfred S., min ven frå Eisingen i Tyskland,har i alle dei snart 30 år i Noreg lært seg reglar for fiske i elv og fjord.Stort sett ikkje frå hytteutleigarar, der ansvaret ligg, men på eiga hand og ved hjelp.Han veit at fisket i elva åpnar 15.juni. Dorgefisket etter laks på sjøen likeeins. Sperregrensa mellom Sæbønes og Hustadnes veit han og om.Likeeins at ein ikkje får dorge etter laks innanfor denne grensa. Ei latterleg avgjersle. Turistar som dorgar etter laks er no tvunge midt borti fjorden og ut i nordavinden i dei små plastbåtane. Laks som vert teke på dorg er minimalt, så dette burde ha vore unngått. Makrellgarn skal stå 3 meter under vassflata på fjøre sjø.Avdi ein vil unngå at laks som går høgt i sjøen vert fanga. Auregarn er forbode. Fisketuristar kan forøvrig ikkje fiske med garn eller line. Det er forbeholdt nordmenn. Noko som er rett, og som turistar skjønar. 15 kg reinskore filet er pr. person  det maksimale turistar kan  ta med seg. Ei alt for lav kvote etter mitt skjøn. Det syner seg at antal fisketuristar er gått drastisk ned, særleg i Nord-Noreg, etter innføringa av kvote. Ei kvote på 25 kilo burde vere meir passande. Utanlandske sportsfiskarar orienterer seg no meir i retning andre land utan kvotesystem. Særleg Skottland. Ei ulempe med denne kvota er at fiskarar tek berre dei finaste fiskane og dumper små og mindre ettertrakta fisk. Kysttorsken er totalfreda. Det skjønar eg. Nett avdi stamma er så nedfiska var årsaka til kvotesystemet som vart innført. Sei og lyr finnast det meir enn nok av, og burde vere friteke som ein del av kvota.Nærmar turistane seg  oppdrettsanlegg, må dei halde seg 100 meter unna i alle retningar når dei fiskar. Elles vankar bøter på mellom 5 og 10 000 kroner, og inndraging av fangst. Seismikkaktiviteten krev at fiskarar/småbåtar held seg langt unna . Kvar skal ein stakkar fisketurist snart gjere av seg? Tek han med ei slukstong, kan han ikkje fiske fritt frå land, men passe på å halde seg minst 100 meter frå "elvemunning med lakseførande vassdrag."Likeeins må han halde seg langt unna laksenøter og oppdrettsanlegg.   Men samstundes med at enkeltpersonar/turistar vert lagt hindringar i vegen for, veks fisketuristnæringa i fjorden. Inntil så lenge.......Hjørundfjorden er allereie i "startfasa" i fisketuristsamanheng iferd med å verte utnytta, forbrukt og øydelagd av oppdrettsnæringa som siklar etter fjorden og har meir enn halvvegs vunne slaget. Det er utopi å tru at kommuna makter å halde næringa frå livet. Kystsoneplan aldri så mykje. Allereie no er mykje villfisk i fjorden dvask og full av pellets. (laksefor)  Med berre 2 oppdrettsanlegg ytst i fjorden. Korleis skal det verte når oppdrettsnæringa sine gigantanlegg i Hjørundfjorden vert realisert? Midt i Hjørundfjorden kunne ein få klargjort/diskutert ymse delar av dette under Hjørundfjorddagane.  Men ordstyrar Terje Kjøde. Som panelet  holdt heller ikkje du mål........Oppdrettsanlegg, småkraftverk og etterkvart kraftline. Desse heilt sentrale tema for Hjørundfjorden var ein knapt innom. På Hjørundfjorden sine "eigne dagar."