Et godt vedtak, og at det er enstemmig ,styrker saken. Jon Aasen,fylkesordfører
Fylket vil ha sjøkabel
Et enstemmig fylkesutvalg sluttet seg i går til kravet om at kraftlinja fra Fardal må legges i sjøkabel mellom Austefjorden og Ørskog, i følge Sunnmørsposten, tirsdag 25. juni.
Lagt inn av
Sølvi Britt Skylstad
26.06.2007 12:23
26.06.2007 12:23
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
"Møre og Romsdal fylke ser klart behov for ei kraftoverføringsline frå Sogn og Fjordane som kan gi fylket meir og stabil straumtilførsel.
Vi viser likevel til dei store konsekvensane ei kraftline frå Fardal til Ørskog vil ha for bumiljø, natur- og kulturlandskap, noverande og framtidig næringsverksemd, visuelt inntrykk og frykt for helseskader.
Møre og Romsdal fylke ber om at det vert gjennomført ei ytterlegare konsekvensutgreiing av sjøkabel frå Volda til Ørskog. Det må også utgreiast vidare kva konsekvensar hovudalternativ 2 vil få for verdsarvområdet.
Så langt går Møre og Romsdal fylke inn for sjøkabel mellom Volda og Ørskog.
Eventuelle meirkostnader på grunn av kabling må fordelast på heile kraftnettet, då det er ei nasjonal interesse å sikre kraftforsyninga til store nasjonale verksemder.
Møre og Romsdal fylke viser til den prekære situasjonen som vil oppstå i nær framtid med manglande kraftforsyning i fylket. Det hastar difor å finne gode løysingar på denne utfordringa. Å løyse dette ved mobile gasskraftverk er ein dårleg og sterkt forureinande måte å gjere det på. Det må vere eit klart mål at eventuell bruk av ”mobile gasskraftverk” blir så kort som mogleg. Derfor må ein få på plass andre tiltak snarast.
Møre og Romsdal meiner at det komande kraftunderskotet primært bør løysast med ny kraftproduksjon i fylket. Difor hastar det med å få etablert nye gasskraftverk på Tjeldbergodden og i Fræna/Aukra.
Ein må vidare satse på utbygging av vasskraft inkl. småkraftverk, vindkraftverk det er aktuelt og andre energikjelder som til dømes bioenergi.
Gode overføringsliner for kraft inn og ut av fylket er viktig med tanke på stabil krafttilførsel, men også ein måte å eksportere kraft av framtidig produksjon ut av fylket.
Møre og Romsdal fylkes viser elles til dei tverrpolitiske og kraftige reaksjonane som er komne frå sterkt berørte kommunar og andre partar på kraftledninga Ørskog – Fardal, med krav om sjøkabling dersom lina skal byggjast. Dette må tilleggjast stor vekt. Jfr. også reaksjonar frå Sogn og Fjordane fylke."