Mi bestemor Pernille venta alltid med spenning - ville pionen blomstre like vakkert denne sommaren?

P1010028 (Large)

Pionen - vakrast av dei alle?

Det var ikkje så vanleg med kjøpeblomar i hagane rundt om på gardane på 60-talet.  Det gjaldt med andre ord å få seg ei rot av ei vakker staude av ei god venninne. Eller kanskje fekk døtrene i huset med seg ei rot når dei gifta seg? Ja, for hagearbeid for sjølvsagt kvinnearbeid.

Pionen var altså bestemor sin favoritt.  Når den blomstra var ho like blid som når tørrhøy vart køyrt inn i løda.  Favorittpionen hennar mellom dei to trappene opp til huset vårt, står der sjølvsagt framleis.

No har underteikna fått opp ei hes, men det vert ikkje så mykje tørrhøykøyring, men eg slår i silo.  Når ei kjem litt høgare opp på ein traktor, oppdagar ein ofte vakre hagar - som hos Marit Skaar ved Kvistadbrua.  Ho har mange- og svært så vakre pionar.

P1010009 (Large)

Vakker kvinne og vakre pionar.  Ein flott kombinasjon.

Marit fekk med pionane på kjøpet då ho kjøpte huset etter Karl Skår.  Desse blomane set ho stor pris på.  I vår har Marit hatt omfattande anleggsarbeid rundt huset og i hagen, men ho har sjølvsagt passa på at dei raude pionane ikkje har fått stå i fred.  Ho opplyser elles at på Skår, der ho vaks opp, hadde dei nok ikkje pionar.  Men dei hadde geiter.  Geiter og hageplanter var ofte ikkje ein god kombinasjon.

P1010027 (Large)

Pionen - erstatning for prestegardsrosa?

No er kanskje den rette skrivemåten for denne planta peon, men bestemor sa i alle høve pion.  Og då held eg meg til det.  Eg har høyrt at pionen var ei slags erstatning for rosebusken - prestegardsrosa.  Slike roser var nemleg for kostbare for folk flest.  Er det nokon som veit meir om dette?

Berre så det er sagt - eg vil nok ikkje byte ut pionen med ein rosebusk.