BFUL vil no satse på eit nytt konsept i staden for dei vanlege plattingdansane som før har vore. Denne kvelden vil vi ha klar grillar til klokka er 2000, det er fritt fram for folk å ta med grillmat og grille sjølv samt noke godt å drikke;). Vi vil i tillegg ha litt kiosksalg.
Klokka 2100 kjem Sigbjørn "Siggen" Follestad og underheld med song og spel. Då kan dei som vil å prøve dansefoten på den ny-beisa plattingen. BFUL håpar at bygdefolket og andre støttar opp om arrangementet så dette vert ein trivelig kveld. Aldersgrensa vert som i gamle dagar, konfirmert, og det vert også satsa på retro-pris på inngangsbillett.
Kanskje kan dette bli ein ny møtestad for utflytta, innfødde og innflytta!
Kommentarar
Plattingdans
Tekst og melodi: Kjell Rune Klubbenes
Det e' Laurdag det e' kveld
klokkå e' åtte men likevel
e' me sessa i Granadaenj for å fare
Me køyre fort me køyre hardt
strekkje bila' - e' det rart?
Me ska no bort i Bondalen og ture
Me ska' på Plattingdans
Det vart visst litt mykje øl
Showet enda opp i røl,
slåsting det vart slutten på heile greiå.
Heimigjen søv me stille som lam
Bak i bilen allje mann
Men neste helg e' festen i full gong
Me ska' på Plattingdans
Er ikkje sankthanskvelden(jonsok) på den 23.
Vi på Bjørke skal ha sankthansfering på Haukly den 23/6
For dei som ikkje veit korleis denne fungerar så er det berre å trykkje seg inn på aktivitetskalenderen etter ein har logga inn og finne tak i lenka "Legg til ny aktivitet". Derifrå er det enkelt å leggje inn slike aktivitetar.