....og det vart kosta og rydda. Lyslekkjene kom på plass, og endå til dei gamle pris-skilta vart det tørka støv av.

Prisane er sjølvsagt gjeldande fredag, så det vert altså retro prisar på både inngangsbillett og kioskvarer.
Therese har pussa opp dei gamle skilta, Yngve og Bernt A har fått dei opp att.

No håpar BFUL at mange vil hoppe ut av godstolen og ta seg ein tur på platten fredag. Det vert ekstra kjekt om ein får til ei blanda alderssamansetjing. BFUL minner også om at ein kan ta med grillmat sjølv. Pølser m/brød er å få kjøpt i kiosken.
Om det vert regn vert festen flytta inn.
Aktivitetar Online : ) (24.06.2007 kl. 20:26)
Det er ikkje alle som har andledning til å delta på det som skjer i bygda og det er derfor kjekt å kunne ha følelsen av å delta eller få eit referat av det som skjer på nettet. Og det er vel mykje av poengent med å ha eit forum som "Portalen", eg er iallefall interessert i få vite om det var mange folk på Bygdakvelden. eg trur nok ikkje at ein kan skulde på internett om det er lite folk på tilstellingar... Ser at her nede i Gausdal er det ofte blitt sendt ut SMSar når ting skjer, slik ala kjedemeldinger, send til 10 andre osv. Kanskje kan også det vere eit tips når vi no likevel er inne i denne verden med teknologiske virkemiddel. PS! Eg skulle gjerne vore med på bygdakvelden synest at det såg veldig trivelig ut det som var annonsert iallefall. Fortsett slik!
Vibeke Mo
Synst dokke e flinke;) (23.06.2007 kl. 19:55)
Dette hadde vorte en knall kveld med litt meir folk, om det regna litt så tåler vi det! Synst ungdomslaget skal ha litt ros for og satse på slike ting, håpe vi får fleire i løpet av sommaren og at fleire kjem;)
En ting er sikkert....der var i allefall ikkje nokon "blodprisar" på bygdadansen;)
Stå på BFUL!!
Synnøve Mo
Ja skal tru! (23.06.2007 kl. 12:54)
Om mange skal sitte foran skjermen å vente på oppdatering på om det er mykje folk på dans
( "Bygda" kveld), så vert det naturligvis ikkje så mykje folk. Det blir over mitt lik at folk skal få delta på det over internett. Då bør vi snu oss litt tilbake og sjå på konsekvensane av internettbruken. Går det på bekostning av det "gammeldagse" sosiale livet?
Unn Frøland
Sikkert Moro (23.06.2007 kl. 02:17)
Sikkert Moro der i kveld. Eg har våre på ungdomshuset og sjekka maten til i morgon og om kjølinga virka så var eg en tur ned til Bjørkely å haurde på litt fiskeskrøner. Nå skal eg sjå på litt kontorarbeid .
Ha en fin natt.
Perry Bjørke
Skal tru om der er mykje folk??? (23.06.2007 kl. 01:14)
Sitter heime i sofaen og er litt misunneleg på dei som er på plattingdans, og lurer på om der er mykje folk. Hadde håpt på ei oppdatering på portalen i kveld, men den kjem kanskje i morga?Håper at oppmøtet er stort og at folk kosar seg.
Siw Lillebø