Etter å ha studert flaumsonekartet frå NVE, slår det meg at dette vernet kan vi ikkje godta lenger.
Dei nedre 4 km. av bygda står i fare for å verta raserte, vi får restriksjonar på bygging og alle kjenner stor usikkerheit og vantrivnad når elva nærmar seg storflom.

Her kan du lese frå NVE si side og laste ned flaumkarta.

Då dette vernet kom, så vidt eg veit utan at vi var spurde, forstod eg det som fyrst og fremst er eit vern for laksen. Dernest eit vern mot utbygging.

Skal prisen for ikkje å kunna bygga ut vera at vi kan tapa både heim og eigedom og mogleg enno meir, då er prisen altfor høg. Det vi no må, er etter mitt syn, å få fjerna vernet fra "Kvistadvadet" og nedover. Der må det lagast eit inntak for kraftverk.Dette må vera såleis utforma at elva må vera over ei viss støre før det går vatn inn i røra. Desse må vera store, 1500 - 2000 mm. Med eit fall på ca.70 m. skulle det verta eit bra everk av dette.

Med denne løysinga sparer vi NVE, kommunen, forsikringsselskapa og grunneigarane for over tid, store sumar.


Det viktigaste er vel at vi då er trygge for liv og eigedom. Då deretter eit tiltak som kjem heile bygda tilgode, må etter mitt syn, alle som høyrer bygda til kunne vera medeigarar. Ein viss prosent av eit overskot må og kunne avsetjast til subsidiering av tomter til dei som ville bygga her, eller på andre måtar koma fellesskapet til gode.
Som grunneigar gjev eg hermed fri grunn over min eigedom, og lovar å gå inn med inntil kr. 50.000,00

Helge Nordang

Kvistadbrua vedflaum 2005

Ei flaumstor Bondalselv framom Kvistadbrua 14.11.2005. Elva er ikkje med det største her, men alikevel så stor at elvaforbygginga har ei stor påkjenning.