Årsmøtet vil ha støtte til rusfrie festivalar

Årsmøtet i Noregs Ungdomslag (NU) 24. og 25. juni ber i ei fråsegn frå møtet om at myndigheitene må lage ei støtteordning for rusfrie festivalar. Erling Sande (Sp) frå kulturkomiteen på Stortinget var årsmøtetalar. Han meiner det er viktig å sikre festivalar som ikkje har inntekter frå ølservering.

 
Erling Sande var årsmøtetalar, og var òg opptatt av at rusfrie festivalar må sikrast (foto: Åge Avedal).

Ungdom under 18 år blir ekskludert frå kulturfestivalar som stadig gjer seg meir avhengige av inntekter frå alkoholservering.

 

Bevisstgjering rundt alkohol

- Store publikumsgrupper blir stengt ute frå dei mange festivalane fordi det blir servert alkohol. Mange får ikkje lov av engstelege foreldre, andre får ikkje adgang. Noregs Ungdomslag er opptatt av å lage møtestader der ein kan oppleve prima kultur uavhengig av alder, seier Johanne Jeremiassen, styremedlem og leiar i Barne- og ungdomsrådet i Noregs Ungdomslag.

 

Noregs Ungdomslag arrangerer årleg Folkekulturfestivalen, der dans, teater og konsertar står på menyen. Annankvart år arrangerer NU Norsk Amatørteaterfestival. Begge festivalane samlar barn, ungdom og vaksne, og er rusfrie. Noregs Ungdomslag er ikkje ein avhaldsorganisasjon, men er opptatt av bevisstgjering rundt rusbruk.

 

- Rusfrie kulturfestivalar lir under trong økonomi. Det er vanskeleg økonomisk å skape kulturfestivalar med berre billettinntekter. Noregs Ungdomslag ser at mange festivalar og treffpunkt vi kan samanlikne oss med har eit økonomisk fortrinn ved å selje øl. Vi meiner at støtta til rusfrie festivalar bør aukast fordi den sikrar deltaking for alle grupper, seier Johanne Jeremiassen.

 

Erling Sande (Sp) i kulturkomiteen på Stortinget deler bekymringa til Noregs Ungdomslag.

 

- Dette er noko vi må sjå på. Det er viktig å sikre dei festivalane som ikkje har inntekter frå ølservering, seier Sande.

 

- Det er utruleg urettferdig at barn og unge skal bli stengt ute fordi mange vaksne ikkje kan vere på festival utan å ha ei øl i handa, meiner Johanne Jeremiassen i Noregs Ungdomslag.

 

Andre saker under årsmøtet

Årsmøtet var prega av mange interessante diskusjonar. Kva rolle skal ungdomsringane ha i NU var eit av tema som vart diskutert. Eit anna tema var i kva grad NU skal engasjere seg politisk med utgangspunkt i føremålsparagrafen som vart vedtatt under fjorårets årsmøte.

 

Årsmøtet bestemte òg at Noregs Ungdomslag skal arrangere Folkekulturfestivalen kvart år, og gjekk dermed mot styret si innstilling om å ikkje arrangere Folkekulturfestival i 2009. Det vart vedtatt tre fråsegner: Ei om kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving, ei om styrking av lokal kultur og altså fråsegn om støtte til rusfrie festivalar.