Vi var lovd, av Lars Ivar sin far, Dag, at vi skulle ut i båt å sjå den på nært hald, og sidan det er råd på dataen å fylgje med skip på radar, så hadde vi kontroll med at båten som var på veg inn Hjørundfjorden. Vi gjorde oss klar og hadde pakka klart alt fiskeutstyret, men kom litt seint i gong for båten hadde litt startproblem, men det ordna seg til slutt. Lars Ivar styrte båten, og han sette på full gass inn over mot Øye. Vi kom nærmare og nærmare den store båten, og det gjorde inntrykk, i allefall på meg, kor stor han var. Noko vi likte dårleg var den store stygge seismikk forskingslektaren som låg til anker innanfor Stennes, og var lite å vise fram til turistane om bord.
Her rundar M/S Amadea lekneset, og er på veg inn Norangsfjorden
Her er skipet utanfor Stennes, du ser forsknigslektaren bak til venstre.
Skipet la ut ein tenderbåt slik att passasjerane om bord kunne få gå i land på Øye. Når tenderbåten hadde lagt til kai på Øye med passasjerane, snudde skipet seg utover, og det brukte sidepropellar og ror for å snu seg. Så venta det på tenderbåten skulle kome tilbake. Vi fiska litt imens det låg der. Det gjekk rundt ein halvtime før tenderbåten kom tilbake. Då starta skipet motorane og begynte å gå utover fjorden att. Vi fylgte etter det med vår båt så langt som vi ville og fekk teke nokre fine bilder av skipet.
Her legg Amadea ut ein tenderbåt.
Manskapet venter på at pasasjerane skal kome attende.
Skipet på veg utover. Stennes i bakgrunnen.
Skipet forlet Norangsfjorden. Skår i bakgrunnen.
Her er fiskane vi fekk. Heilt til høgre er "ruget" den største fisken vår.
Etter vi kom i land og den store båten var vekk, gjekk eg og Lars Ivar å fiska som vi hadde gjort tidlegare på dagen, og då fekk eg ein kjempesei. Eg hadde ein fin dag på Urke og eg håper eg kan få besøke Lars Ivar att til sommaren her på Urke. Lars Ivar flyttar til Hjørungavågen no til hausten og det det vert leit å misse ein skulekammerat.
Skipet heiter orginalt Asuka og er Japansk. Skipet er 192 m. langt, 24 meter breidt og 6 m. djuptgåande. Og er 28 717 Brt. stort og har 584 passasjerer. (Her har den kun 518) Amadea er kun chartra av eit tysk rederi som heiter Phoenix Reisen A/S. Dei eig også M/S Albatros ex. Royal Viking Sea.
Kommentarar
Flott artikkel, og flotte bilder!