Vipa på biletet under fotograferte eg på Tryset i Bondalen i påskeveka.  Kanskje var det den Kari Stokke skreiv om her på Hjørundfjordportalen - vipa som i nøda la egg på riksveg 655 då det kom så mykje snø den 19. og 20 april?

IMG_4421 (Large)

Vipa på Tryset.

I desse dagar er det mange av oss gardbrukarar som køyrer gjødsel på åker og eng.  Heldigvis er vi ikkje åleine - fuglane held oss med godt selskap.  Men fugleselskap kan også føre til  problem - har dei,  t.d. vipene eller storspovene, lagt reira sine der vi har tenkt å gjødsle?

Men ta det med ro, vi går gjerne ut av traktoren for å leite opp reira og merke dei av for vi vil ha fuglane hos oss.  Ikkje sant? 

Du er så uroleg i natt, bonde,

kva er det som plagar deg?

 

Ikkje le søster

men eg tenker på vipene.

 

Tenker du på vipene?

 

Sonen min harvar åkrane nå.

Eg plar sette opp staur

derdet er vipereir,

men eg veit ikkje

om Jon bryr seg med det.

Han er så effektiv,

nyutdanna,

eg er så uroleg for vipene.

 

Kunne du ringe han søster?

Helse han frå meg

og seia

at det er helst i Rondemyrteigen

vipa held seg.

Eg har berga så mange vipereir der.

Kan du ringe han i natt søster?

Jon er så tidleg ute med traktoren.

 

Hallvor Sansdalen