Vipa på biletet under fotograferte eg på Tryset i Bondalen i påskeveka. Kanskje var det den Kari Stokke skreiv om her på Hjørundfjordportalen - vipa som i nøda la egg på riksveg 655 då det kom så mykje snø den 19. og 20 april?

Vipa på Tryset.
I desse dagar er det mange av oss gardbrukarar som køyrer gjødsel på åker og eng. Heldigvis er vi ikkje åleine - fuglane held oss med godt selskap. Men fugleselskap kan også føre til problem - har dei, t.d. vipene eller storspovene, lagt reira sine der vi har tenkt å gjødsle?
Men ta det med ro, vi går gjerne ut av traktoren for å leite opp reira og merke dei av for vi vil ha fuglane hos oss. Ikkje sant?
Du er så uroleg i natt, bonde,
kva er det som plagar deg?
Ikkje le søster
men eg tenker på vipene.
Tenker du på vipene?
Sonen min harvar åkrane nå.
Eg plar sette opp staur
derdet er vipereir,
men eg veit ikkje
om Jon bryr seg med det.
Han er så effektiv,
nyutdanna,
eg er så uroleg for vipene.
Kunne du ringe han søster?
Helse han frå meg
og seia
at det er helst i Rondemyrteigen
vipa held seg.
Eg har berga så mange vipereir der.
Kan du ringe han i natt søster?
Jon er så tidleg ute med traktoren.
Hallvor Sansdalen
Talsrør for fuglane (08.05.2007 kl. 16:51)
hjorundfjord.no må gjerne verte det naturlege talsrøret for fuglane. Det kostar så lite og vi får så mykje igjen for å berge fuglereira. Som bonde har eg sett kva det betyr for oss å ha staren på lag, når vi fekk Moldokse-angrepet i fjor. Eg hugsa godt kor glad Bestemor var når ho såg fyrste Staren om våren.
Vipa er noko av den finaste fuglen ein kan sjå å høyre. Når ein høyrer den klagande lyden den lager skulle ein tru den hadde all verdens problemer.
Ivar Svein Mo
Sandsdalen (08.05.2007 kl. 13:15)
Hallvor J. Sandsdalen 1911 - 1998.
Fra Seljord. Utdannet agronom.
Journalist, forfatter og folkeminnesamler.
Har skrevet romaner, skuespill, hørespill og barnebøker.
Geirr Lystrup har spilt inn CD med tekster av Sandsdalen og musikk av Sigmund Groven: "Kom sol på alle mine berg".
Må sannsynligvis på bibilotek (eller kanskje et lite forlag med egen distribusjon) for å finne noen av tekstene hans. Gjorde et søk i bokbasen til Forlagsentralen og Sentraldistribusjon, (de to største ditributørene av bøker), men fikk ingen treff på titler som er i salg.
På Tryset har vi både Spove og Vipe. Tidlig om våren er det stillingskrig mellom dem. De står noen få meter fra hverandre og hevder sin rett. Det ender som regel med at spoven holder til på marka framom huset og vipene må trekke opp om veien.
Også her på garden blir reira merket for å hindre overkjøring.
Kari Stokke
Sjekk her. (08.05.2007 kl. 13:12)
Eg kom i skade for å skrive namnet hans feil. Halvor skal vere med ein l. Sjekk denne adressa: http://www.tm.fylkesbibl.no/telemarksportalen/sandsdalen_halvor.htm
Knut Hustad
Så vakkert - og nødvendig (08.05.2007 kl. 12:14)
Takk for vakker påminning, midt i jordbruksforhandlingane - om å sjå kor vakkert det levande er, og om fare fint åt.
Enok Kippersund
Tankevekkande.. (08.05.2007 kl. 10:48)
Både vipa og diktet...Kven er han som har skrive dette diktet? Eg prøvde meg på eit søk på nettet men eg kunne ikkje finne ut noko om Hallvor Sandsdalen. Er han ein lokal dikter?
Vibeke Mo