Sist veke vart mykje masse grave opp frå det nye hamnebassenget til den nye småbåthamna ved Sagafjord Hotell, men den massen vart mellombels lagra like ved.

IMG_0003 (Large)

Mellombels lagring av masse.

I dag starta tilkøyringa av masse til siste del av strandpromendaden ved Lissjeelva i Sæbø sentrum. Kjell Otto Holen er den prosjektansvarlege for utfyllinga av området ved Lissjeelva og han gler seg sjølvsagt over at arbeidet no er i gang.  Det same gjer leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo.

IMG_0011 (Large)

Kjell Otto Holen(t.v.) og Ivar Svein Mo.  I bakgrunnen ser ein stikkene som syner kor langt ut ein skal fylle ut.

Etter at området nord for osen til Lissjeelva er ferdig utfylt, skal skråninga plastrast med rund(ikkje skoten)  stein.  Dette vert gjord fordi born og andre som måtte finne på å gå på fyllinga, i alle høve ikkje skal skade seg på kvass stein, fortel Kjell Otto Holen.

Det er i skrivande stund uvisst om ein også skal fylle ut meir masse i fjøra mellom Lissjeelva og Sagafjord Hotell.    Utbyggarane av småbåthamna ynskjer  at eit større område vert fyllt ut p.g.a. mykje ledig masse.  Til hjorundfjord.no seier Ivar Svein Mo at det heile vert eit spørsmål om pengar.  Mo reknar med at mykje vert avklart i løpet av tysdagen.

IMG_0015 (Large)

Hamnebassenget til den nye småbåthamna veks dag for dag, men utfordringa er å verte kvitt ledig masse på ein god måte.

IMG_0009 (Large)

Masse vert m.a. brukt til utfylling av området nord for Lissjeelva.

Det kan i denne samanheng også nemnast at den nye flytebrygga til den nye skyssbåtkaia på Sæbø no er komen.  Truleg vil den verte montert på rett plass i slutten av veka.  hjorundfjord.no vil kome tilbake til dette med eiga sak.

IMG_0014 (Large)

Den nye flytebrygga er komen til Sæbø og vil truleg kome på rett plass i slutten av denne veka.