Det er grunneigarane Bodil Hustad Egset og Kenneth Hustad som står føre denne utbygginga i samarbeid med Sagafjord Hotell AS på Sæbø. Mesteparten av massen som vert graven ut i samband med småbåthamnutbygginga, skal køyrast til- og fyllast ut i sjøen ved Sæbø sentrum. Dermed er ein viktig føresetnad for å gjere ferdig den allereie påstarta strandpromenaden, på plass. Det er Ivar Svein Mo, leiar for Hjørundfjorden bygdemobilisering, som opplyser dette til hjorundfjord.no.
Det er entreprenøren K A Aurstad AS som tek seg av utgravinga av småbåthamna. I dag kom ei over 50 tonn tung gravemaskin på plass. Det er også denne entreprenøren som skal køyre overskotsmassa til Sæbø sentrum. Bygdemobiliseringa får massa gratis, men må betale i underkant av kr. 40,- pr. kubikk for tilkøyringa, fortel Mo vidare.
Her vert den nye småbåthamna plassert - i området mellom Sagafjord Hotell AS og elveosen.
Ein av utbyggarane, Kenneth Hustad, reknar med at mykje av arbeidet i den nye småbåthamna er gjort når neste veke går mot slutten. I dag starta gravemaskina med å ause opp leirmasse. Denne massen vert mellomlagra på parkeringsplassen, men straks ein kjem inn på betre grunn, vil den massen bli brukt til utfyllinga av området som skal verte strandpromenade ved Sæbø sentrum.
Ivar Svein Mo legg ikkje skjul på at det har vore gjort ein god del arbeid for å få starte opp med utgraving av ny småbåthamn. Han rosar grunneigarane for innsatsen dei har gjort, men svært mykje ros får også næringssjefen i Ørsta kommune, Olav Aambøe. Han har i det siste gjort ein fantastisk innsats, avsluttar Mo.
Kommentarar
Gratulerer med arbeidsstarten på småbåthamna!
Det var en bra pris når man får massa gratis.
Kva skal dere hente dei pengene?
1000 kubikk blir no 40000.
Kvifor ikkje prøve en dugnad?
Måtte no gå ann å stille på dugnad med traktorene i bygda.
4 traktora pr dag på dugnad til å køyre /flytte massa.
Då vi laget ny veg til Ungdomshuset så køyrde ungdomslaget all massa ned til kyrkjegarden.
Var ikkje få kubikk vi flytta.
Mange dager med køyring men folk stilte opp med traktorene i bygda.
Kommuna fekk utvide kyrkjegarden gratis med den massa.
Kommuna sparte seg mykje i kostnad på utvidinga av kyrkjegarden.
Eit prosjekt kan dra nytte av eit anna prosjekt.
Dugnad må til for å spare penger i slike prosjekt.
Midlane som skal brukast her er kompensasjons- midlane som Ørsta Næringskontor har avsett til tiltak for å utvikle Sæbø sentrum. Hjørundfjorden bygdemoblisering har fått til oppgåve å forvalte desse til beste for Sæbø i samarbeid med næringssjefen. Massa får vi gratis, men må betale for graving og køyring. Vi gjev då samtidig ei handsrekning til hamna også, for at dei kan kvitte seg med overskotsmasse.
Når det gjeld dette med å bruke traktorar så er nok ikkje det egna når det gjeld flytting av så mykje masse. Bøndene har heller ikkje tid til å ta slike dugnadsoppdrag når dei er på arbeid på dagtid og skal gjere unna våronna om kvelden. Traktordugnad kan vi bruke til andre mindre oppgåve som det vert mykje av framover.
ISMo
Bygdemobiliseringa får massa gratis, men må betale i underkant av kr. 40,- pr. kubikk for tilkøyringa, fortel Mo vidare
Eg las no berre det som stod skrive eg.
Bra det ikkje var rett det som stod då.
Blei litt sjokka at bygdemobliseringa skulle betale dette.