
Her er Trond Åge Osvoll saman med sportsleg leiar for Skeid, Andreas Lagesen. Trond Åge har akkurat signert kontrakten.
Sked er ein fotballklubb med histroisk sus, men det er nokre år sidan laget hausta medaljar. Den siste noregsmeisterskapen kom i 1975.
Trond Åge har skåra ei rekkje år på Sæbø dei siste åra, og den raske kantspelaren/spissen vil heilt sikkert gjere det godt også i Oslo-klubben.
- Eg er særs nøgd med det nye laget, sjølv om laget har hatt ein tung start, dette håper eg at eg kan vere med å rette opp, feier Trond Åge.
No er det ret nok ikkje førstelaget Trond Åge siktar inn mot. Det laget spelar i første divisjon. Det er Skeid 3 litt lenger nede i divisjonssystemet som ynskjer Trond Åge sine tenester.
- Sjølv om eg no går til Skeid, er det Sæbø som er klubben i mitt hjerte. Det er her har lyst til å avslutte karrieren, fortel Trond Åge til hjorundfjord.no.
Skeid har forresten hatt det same heiaropet sidan tidenes morgon: "sa-sa-sa, bra-bra-bra, Skeid - Seid - Skeid!"
Skeidkupp! (27.07.2007 kl. 00:14)
Hadde vi hatt meir panga å rutte med...Bittert å sjå ein slik juvel gleppe mellom fingrane!
Jørund Walseth
Toppspissen til VIF (25.07.2007 kl. 01:37)
Skeid har selt toppspissen sin til Vålerenga, opnar det for Osvoll?
Rune Sæbønes
Høgreback ? (22.05.2007 kl. 20:22)
Har ikkje du Ivar også flytta til Oslo, reknar med du då snart havnar på høgrebacken til Skeid 3..? Rein høgreside framma Villane :)
Alf Ole Aarseth
Osvoll (22.05.2007 kl. 08:52)
Med lynvingen og puttern Osvoll på plass ligger den ann til opprykk...
Ivar Osvoll