17.mai 2007 072

Tirill Holen (t.v.) og Tonje Urkegjerde heldt ein flott ungdomstale på folkefesten.

Dei to femtenåringane tok utfordringa då dei vart bedne om å halde ein eigen ungdomstale. Det er første gong dette vert gjort, og Tirill og Tonje håper det vert ein tradisjon.

 

- Det at vi er to ungdommar som held talen, og ikkje ein vaksen, trur eg berre er positivt. Vi har eit anna syn på ting enn det eldre har. Difor trur eg at vi kanskje vekkjer meir merksemd hos både dei yngste og dei litt eldre. Skal eg vere ærleg, så følgjer eg nesten aldri med på dei vaksne som les 17.mai-talar, vedgjekk Tirill i talen sin.

 

Ho og Tonje tok føre seg både historie og tradisjon i talen, men dei peika også utover. – 17. mai handlar først og fremst om å vere i eit fellesskap med andre. Det er mange fattige land. Dei fleste i Noreg har det fantastisk. Vi er eit av dei rikaste landa i verda. Eg skulle ønskt at absolutt alle i heile verda hadde det like bra. Mange døyr av svolt, krig og sjukdom kvar dag ute i verda. Vi rike nordmenn bør absolutt tenkje på andre og ikkje berre på korleis vi sjølve har det. Strekk ut ei hand for dei som treng da, sa Tonje.

 

Ho peika også på kor viktig det er at venner støttar og stiller opp, slik det nyleg vart gjort i Herøy i samband med forliset til Bourbin Dolphin.

 

- Still opp for kvarandre uansett. Ver med å snu motgang til medgang. Ver eit godt medmenneske, oppmoda Tonje.

 

Ho og Tirill understreka at det er godt å vekse opp på Sæbø. Tirill viste til idrettslag, paintball, strikkeklubb, dametrim og børs. – Spør du meg, så har vi det meste. Det er likevel ikkje alle som har det like bra. Eg håper at ingen grur seg til å gå på skule eller arbeid, men dessverre er det nok stundom slik. I ei bygd som Sæbø meiner eg alle burde gjere det dei kan for at ingen skal føle seg åleine eller mobba – og alle må vere samarbeidsvillege med å skape eit godt miljø, sa Tirill.

Dette referatet, og meir stoff frå 17. mai frå Sæbø, finn de i laurdagsutgåva av Møre-Nytt den 19. mai.