Fleire vende seg i dag til hjorundfjord.no for å seie at dei sette stor pris på den gode talen som Rune Sæbønes heldt ved bautasteinen i Sæbø sentrum.  Dei siste åra har den tidlegare så tradisjonelle talen ikkje vore halden, men i år var den altså tilbake.  Det var mange, ikkje minst av dei godt vaksne, godt nøgde med.

Etter samtykke frå Rune Sæbønes, vert talen lagt ut på hjorundfjord.no under.

IMG_0014 (Large)

Rune Sæbønes heldt i dag tale ved Bautaen på Sæbø.

Gode bygdefolk. 

Gratulerer med dagen.  

17. mai er dagen vi markerer Grunnlova vår, og det er dagen vi både ser tilbake, og også kan sjå framover. Her ved bautaen må vi sjå tilbake. Det er tid til ettertanke. Bautasteinen markerer at det opp i gjennom tidene ikkje har vore sjølvsagt med fred og fridom. Samstundes markerer bautasteinen at det å kjempe for noko, for freden, fridomen og demokratiet, krev noko. 

I dag er det for mange av oss vanskeleg å tenkje oss ei tid i ufred og ufridom. Då er det viktig å ha ein Grunnlovsdag, ein nasjonaldag, som får oss til å tenkje og reflektere over at det er folk før oss som har ofra noko for at vi i dag har eit samfunn i velstand og harmoni. 

Men det å markere og heidre dei som har gjort ein innsats for å sikre oss fred og fridom, handlar også om å reflektere over kva vi sjølve gjer for at vi skal ha eit velfungerande samfunn, eit samfunn der folk trivest, har det godt, og kan utvikle seg. 

Då tenkjer eg ikkje berre på storsamfunnet Noreg, men også på dei små bygdesamfunna, som vi har her i Hjørundfjorden. For meg handlar det om å handle i lag. 

I Hjørundfjorden har vi dei siste åra oppdaga at ikkje alt er så sjølvsagt. Det er ikkje sjølvsagt at det skal vere skular i alle grender. Det er ikkje sjølvsagt at det skal vere gardar i drift i alle grendelag. Det er ikkje sjølvsagt at vi har nok folk til å halde i gang handall- og fotballag og korps. 

Vi lever i eit forbrukarsamfunn. I dette samfunnet handlar det om å kjøpe oss varer og tenester, men også fritid. Forventar vi også i Hjørundfjorden at det å betale for ei teneste, også sikrar oss gode fritidstilbod? Eg håper ikkje det. 

Vi er ikkje fleire enn at dei gode tilboda vi skal ha i fjorden, dei må vi skape sjølve. Då handlar det om å byggje i lag. Det handlar om å seie ja til å vere med dugnaden. 

Ein slik dugnad er bygdemobiliseringa. For eit år sidan starta bygdemobiliseringa, og målet er å skape trivsel og sysselsetjing i Bondalen, på Sæbø, ja heile Hjørundfjorden. Men bygdemobiliseringa vil aldri fungere utan at folket sjølve mobilisererer. Det ligg i ordet. Det er gjennom felles tiltak, felles samarbeid og fellesskap vi saman skal gjere Hjørundfjorden berekraftig, robust og livskraftig. 

President John F. Kennedy sa då han vart innsett som president: Ikkje spør kva Amerika kan gjere for deg, men spør kva eg kan gjere for Amerika. 

Det same handlar bygdemobilseringa om, ja alt lagsliv i Hjørundfjorden. Det handlar om kva eg kan gjere for at vi saman kan skape grunnlag for eit livskraftig samfunn. 

I dette samfunnet er ungdommen heilt sentral. Vi må vere flinke til å gje ungdommen vår framtidstru, og med det ei tru på at det å leve i Hjørundfjorden, det å stifte familie i Hjørundfjorden, er framtidsretta. Det fordrar oss også til å lytte til kva ungdommen seier. Vi må tore å late ungdommen sine syn påverke oss. Vi må motivere ungdom til å vere med i lag og organisasjonar, og vi må tore å høyre kva ungdom meiner, og vi må tore å late dei vere med på å ta avgjerder. Det er då vi kan gjere ungdom stolte av bygda si, men ikkje berre det. Det er då vi gjev ungdom framtidstru, og tru på seg sjølve. 

Ein av dei som ofra seg for fred og fridom, var Nordahl Grieg. Han omkom då han var med eit alliert fly som vart skote ned over Tyskland. Han sa det slik i diktet ”Kringsatt av fiender”, som også er kalla ”Til ungdommen”:   

Krig er forakt for liv.

Fred er å skape.

Kast dine krefter inn:

døden skal tape! 

Elsk og berik med drøm

alt stort som var!

Gå mot det ukjente

fravrist det svar. 

Det er ord til ettertanke, og det er ord som fortel oss at det å gå mot det ukjende, framtida, handlar om å leite fram svara, kaste kreftene inn, og at vi skal gjere det saman.

Med dette ynskjer eg ei ei framleis god feiring av dagen vår, og legg ned desse blomane til minne og heider om dei som har ofra for freden og fridomen.