Vrir ein litt på t-skjortedesignet, ser det slik ut.
Styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering har nok fått spørsmålet - vert dette t-skjorteprosjektet noko av?
Jau, det blir absolutt noko av. I dag har vi trykt på tingingsknappen. Den 25. mai vert t-skjortedesignet vårt trykt på 640 t-skjorter. Vi har dei klare slik at vi kan starte salget under Hjørundfjorddagane den 2. og 3. juni.
T-skjorta vert no i første omgang å få kjøpt i tre fargar i jente-/kvinnemodell og i tre fargar i gute-/herremodell. I tillegg vert det to barnefargar å få kjøpt - ned til storleik 140. Trykket får same farge på alle t-skjortene, men på barnemodellane vert det gjort litt mindre.
Kvifor har så ikkje denne t-skjorta blitt lagt ut for salg tidlegare? Det har nok samanheng med økonomi og ikkje minst at det passa svært godt å få ut denne - etter styringsgruppa si meining - fine t-skjorta no når vi tek til å sjå resultatet av det andre positive som skjer i fjorden.
Styringsgruppa hadde ei tid tenkt på å få t-skjorta ferdig til påske og så få starta salget under påskerebusen. Det er nemleg viktig å få stort salg rett etter at t-skjorta er ferdig trykt slik at ein har noko å betale med. På grunn av det dårlege vêret er styringsgruppa glade for at dette salget ikkje vart noko av.
No startar salget som nemnt under Hjørundfjorddagane og i dagane før, vil styringsgruppa bruke tid til profilering og PR for Hjørundfjorden og hjorundfjord.no si eiga t-skjorte.
Kommentarar