ATT00018 (Large)

Sølvtina er vakker, men svært så vanskeleg å få fatt i...

Det vert sett ei rekkje krav til mjølkekvaliteten dersom vi mjølkeprodusentar skal få den beste prisen for mjølka.  Den beste mjølka vi produserer vert kalla elitemjølk.  I motsett ende av skalaen har vi klasse-3 mjølk, mjølka som gjev dårlegast betaling.  Dersom meieriet finn medisinrestar i mjølka vi leverer, får vi ikkje betaling i det heile.  Nei, då må vi tvert om betale svært så høge straffegebyr.

Det må likevel understrekast at dei fleste av oss klarer å produsere elitemjølk dei fleste månadane i året.  Men det er ikkje nok for den som skal få Tine BA (tidlegare Norske Meierier) si høgste utmerking - sølvtina.  Nei, krava er enkle: Kvar måndad du leverer mjølk gjennom året skal vere elitemjølk.  Og ikkje berre det - dette skal du gjere 15 år på rad.  Det seier seg sjølv at denne utmerkinga heng høgt.  Inger og Ivar Svein Mo og Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad er til no dei første gardbrukarane i Hjørundfjorden som  har klart desse krava.  hjorundfjord.no kan ikkje gjere anna enn å gratulere.

ATT00021 (Large)

Frå venstre:  Inger og Ivar Svein Mo, Kjetil Rørstad og Solveig Nikkinen.

Inger og Ivar Svein Mo går begge i fjøsen og er aktive gardbrukarar.  Dei to rosar likevel sonen Hallvar på 27 som etter kvart skal ta over drifta etter dei to.  Hallvar gjer ein stor innsats på bruket sjølv om han er tilsett i heilt stilling på Eik landbrukssenter i Ørsta.  Ivar Svein driv i tillegg Mo sveise- og plateverkstad.  Han produserer i det alt vesentlege varer i syrefast stål til nettopp til Tine BA.  Ivar Svein er altså ein god mann for Tine BA på meir enn ein måte.

Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad driv gard i Skjåstaddalen.  Begge deltek aktivt i drifta.  Felles for begge desse gardbrukarpara, er at dei tok over drifta av gardane under nyttårsorkanen i 92, men mjølkekvaliteten vart ikkje dårlegare av den grunn.  Desse fire har levert elitemjølk i alle åra og månadane dei har produsert mjølk i det heile.  Det kan ikkje gjerast betre.

Og har denne gode mjølkekvaliteten noko å seie for Tine Meieriet Vest sitt meierianlegg i Ørsta?  Vi spør Odd Foldal ved det aktuelle meieriet.

- Ja, heilt klart.  Den gode mjølkekvaliteten her i området gjer at vi  m.a. år etter år får produsere edamerost som det einaste anlegget i Noreg. Produksjon av edamerost krev særs god kvalitet på mjølka, ikkje minst den som vi kallar vellagra edamerost (den med svart pakning).

Dette er vel noko som du seier berre for å rose oss mjølkeprodusentar generelt?

- Nei, slett ikkje.  Gardbrukarane som soknar til meierianlegget her i Ørsta leverer god mjølk.  Og det er viktig at vi har gardbrukarar som familiane Mo og Nikkinen/Rørstad.  Dei leverer ekstra god mjølkekvalitet heile tida og dei viser veg for andre.  Ved slike utmerkingar vert fokus sett på kvalitet.

Men meieriet i Ørsta vert vel snart lagt ned likevel?

Nei, ikkje om de gardbrukarar er flinke til å levere mykje mjølk av god kvalitet og vi som arbeider ved dette meierianlegget klarer å utnytte denne flotte råvara.  Så langt ser det ut som begge partar har klart seg godt.

Ja, men det er vel viktig at politikarane i Ørsta får kjennskap til dette gode samarbeidet mellom mjølkeprodusentar og meieritilsette?

Sjølvsagt er det det.  Både mjølkeprdusentar og meieri er  viktige for Ørsta kommune. 

Men før telefonsamtalen vert avslutta, gratulerer Odd Foldar dei to gardbrukarpara frå Hjørundfjorden med den velfortente utmerkinga som dei fekk overlevert før festmiddagen under Tine BA sitt årsmøte i Bergen sist torsdag.