
Sola kjem snart opp bak Saksa.
I dag venta eg. Eg skal ikkje på arbeid før kl. 14.00, og har ikkje anna å gjere. Då ventar eg på lyset. Lyset før soloppgang kan vere fantastisk. I dag var det akkurat det.
Eg er ingen toppfotograf. Rett nok høyrer kameraet til yrket mitt, mem det handlar i første rekkje om å fange personar i gjevne situasjonar.

Snart morgon i Norangsfjorden,
Det er noko heilt anna å fotografere natur, for ikkje å snakke om lyset. Morgonrøde i Hjørundfjorden er fantastisk. Eg har ikkje fanga alt i kamera. Det er umogleg, og må opplevast.
B-menneske (28.05.2007 kl. 01:07)
Knut har nok rett, Fred Ingar. Har aldri skjøna vitsen med å stå opp kl. 05 når ein berre kan late vere å leggje seg....
Til deg Linda: Eg trur Arnfinn har litt heimlengt. Det vert ymta litt om hytteplanar....
Rune Sæbønes
:) (27.05.2007 kl. 22:20)
Ana ej et lite snev av "heimlengsel"???
Linda Stokke
Soloppgang i Hhjørundfjorden (26.05.2007 kl. 21:49)
Sat ofte ute på neset og venta på at sola skulle kome opp bak Saksa og såg fjorden vakne. Som regel etter plattingdansar om somaren på slutten av 80-talet. Eventyrleg å sjå lyset kome på fjelltoppane og krype nedetter fjellsidene og høyre fuglekvitteret kome sakte medan det ellers var så stille at eg kunne høyre dører slå i oppe i sentrum.. ubetalelig...
Arnfinn Mork
Nattens mann. (26.05.2007 kl. 17:42)
Eg trur at Rune ikkje forstår spørsmålet ditt, Fred Ingar. Det er eit hav av forskjell på å vere oppe til fem framfor å stå opp klokka fem.
Knut Hustad
Magisk (26.05.2007 kl. 17:37)
Det er vel dette som kalles magisk. Men registrerte at du var oppe hele natta. Kunne du ikke tatt en blund tidligere for så å stå opp rett før soloppgang?
Fred Ingar Somby