Skyssbåtkaia 003

Dei første passasjerane til Cruise Service går i land på den nye skyssbåtkaia. 

 

Torsdag kveld kom Nordic Sky for første gong inn fjorden, og brukte den nye kaia på Sæbø. Båten frakta passasjerar som skulle på Rekkedal gjestehus.

 

Å vere landingsplass for tilreisande som skal oppleve ymse attraksjonar på Sæbø og i Bondalen er sjølvsagt ein viktig funksjon for kaia. Men ein skal heller ikkje gløyme at kaia er viktig for samfunnsbåten M/S Hjørundfjord.

 

Vidare er det på skyssbåtkaia Fjordabåten til Cruise Service skal nytte når sommarruta til Ålesund kjem i gang, og kaia er sjølvsagt også open for andre selskap som skal frakte passasjerar til Hjørundfjorden. 

 Båtsvineri 007

Slike situasjonar bør vi ikkje oppleve meir. Ein båt frå 62 grader nord såg torsdag ut til å ville leggje til kai på Sæbø, men opplevde at kaia var okkupert av forskingslekteren. Båten gjorde vendereis. Seinare på dagen forsvann lekteren.