Tidleg fredag morgon var Bøstrand Transport AS og firmaet JV Borge frå Tjøme på plass på Sæbø for å montere den nye flytebrygga. Ca. klokka 1600 hadde Sæbø fått ny skyssbåtkai.
Den nye flytebrygga m/landgang.
Det var Erling Berge frå Bøstrand Transport AS som styrte den store mobilkrana og ansvaret for monteringa hadde Jan Vidar Borge. Han igjen hadde med seg Tommy Gårder. Dei to sistnemnde arbeider for Ørsta Marina Systems AS og reiser land og strand rundt nettopp for å montere flytebrygger.
Etter at flytebrygga var festa i den nybygde kaifronten, var det tid for å få dei knapt to tonn tunge ploglodda - eller moringane som mange no seier - på plass. Dei vart frakta ut ved hjelp av ei spesialbygd flåte. Dei heile vart gjort utan problem.
Ploglodda vert lyft ombord i ei spesialbygd flåte. Kranførar er Erling Berge, så ser vi Jan Vidar Borge frå JV Borge og Tommy Gårder.
Dette hadde Jan Vidar Borge gjort før. Han slappar her av med ein røyk, sitjande på bensintanken, mens han fraktar ploglodda på plass.
Desse ploglodda - 4 stk. - vert altså brukte som fortøying for flytebrygga. Etter kvart vart det elles mange som ville sjå kva som gjekk føre seg på Sæbø denne dagen. Jan Vidar fortalde at magne brukar å sjå på når slike anlegg vert montert, men på Sæbø var publikum ekstra tolmodige.
Mange såg på då den nye flytebrygga kom på plass.
Så skal landgangen på plass.
Klokka 1530 var det meste på plass. Litt opprydding og grusing står att, skyssbåtførar Oddvar Olsen skal montere fenderar og overgangen mellom kaifront og fylling skal gjerast fin, men eller er det meste no på plass.
Restane av den gamle kaia var også nesten ferdig fjerna. Det var Gunnar Stokke og Ansgar Kvistad som tok seg av dette arbeidet for Holen Sand og Grustak AS.
Klokka 1530 var Holen Sand og Grustak AS nesten ferdige med fjerninga av restane av den gamle skyssbåtkaia også.
Kommentarar