DSCN2287

Marius Riise i duell med Volda-målvakt Kristoffer Nilsen.

Sæbø vann ein fortent siger, men likvel imponerte ikkje laget. Det vart skapt mykje sjansar, men mest som resultat av einkildprestasjonar, og ikkje lagspel. Då er det likevel godt gjort å vinne på ein heller svak dag. Det verkar nemleg som om Jan Kjetil Holen sitt mannskap har mykje å gå på.

Sæbø kom best i gang, og hadde to klare målsjansar dei første fem minutta. Spesielt vr Terje Holen nær ved å gje laget leiinga då han var åleine igjenom. Mn banens bestemann, Volda-målvakt Kristoffer Nilsen, redda.

P5050860

Yngve Frøland farleg frampå. Bak lurer Terje Holen på kva som skjer.

Volda2 tok leiinga etter ti minutt. Lars Urke (eks Sæbø) vart felt av Marius Strandmann, og det vart korrekt dømt frispark. Frisparket vart teke frå tjue meter, og gjekk rett i mål. Det må setjast spørjeteikn ved oppstilinga av muren og plasseringa til målvakt Kristoffer Valseth i mål ved dette frisparket. Skotet var nemleg ikkje særleg godt. Det må elles takast med at Kristoffer elles leverte ein prikkfri kamp.

Utover i omgangen hadde Sæbø dei fleste sjansane. Den største hadde Yngve Frøland då han vart spelt igjennom på høgresida. Yngve skaut frå skrått hald, og skotet vart redda. Det spørst om ikkje Yngve skulle ha lagt ballen inn i feltet ved dette høvet. Det var fleire gonger Sæbø-spelarar kom seg fri, og heller burde ha lagt enn å skyte sjølve.

Laga gjekk til pause med 1-0 til Volda2, og Sæbø hadde tydelegvis nyta pausen godt. For det gjekk ikkje meir enn eitt minutt av andre omgang før Sæbø utlikna, og det etter godt spel. Terje Stokke vart spelt fri på venstrekanten, og han la inn frå dødlina. Etter litt fram og tilbake fekk Yngve Frøland ballen, og han skaut i mål frå hjørnet av femmeteren.

Utover i omgangen var Sæbø det førande laget, men det vart ikkje skapt altfor mange gode sjansar. Det vart for ite lagspel, og for mykje ein og ein. Dette vil heilt sikkert rette på seg.

P5050865

Nestleiar Sverre Børge i fotballstyret i Sæbø IL kunne konstatere at arvtakaren som straffeskytar, Jan Kjetil Holen, tok vare på tilliten.

Sju minutt før ful tid kom sigersmålet. Marius Riise vart felt innanfor sekstenmeteren, og det vart dømt straffespark. I Sverre Børge Hjorthaug sitt langtidsfråver, var Jan Kjetil Holen eksekutør. Han skåra sikkert, og det var 2-1 til Sæbø.

Volda var nær ved å utlikne i sluttminutta. Ein spelar kom åleine igjennom, men skotet gjekk i tverrliggjaren, og Sæbø-spelarane og publikum kunne puste letta ut.

 

Tabell 6 divisjon

1 Flø                           3   2 0 1 19-7 6

2 Bergsøy 2                 2   2 0 0  8-2  6

3 Sæbø                       2   2 0 0  6-4  6

4 Moldtustranda          2   1 1 0  5-3  4

5 Volda 2                    2   1 0 1  2-2  3

6 Tjørvåg                    1   0 1 0  1-1  1

7 Hødd 3/Hasundgot   2   0 1 1  5-6  1

8 Hjørungavåg             3  0 1 2  3-16 1

9 Gjerdsvika               0   0 0 0  0-0   0

10 Kvamsøy/ÅVK 2  2   0 0 2  5-8   0

11 Åheim                   1   0 0 1  2-7   0