Dei eldste fortel dei er trøtte og leie, og saknar utfordringar, kanskje eit stemne eller ein tur? Fleire ønskjer å slutte, men vart i fjor og i forfjor overtalt til å fortsette iallfall eitt år til, no trur vi ikkje dette går lenger. Aspirantane er for få og kan for lite til å ta over. Her er ikkje mange å rekruttere blant, og å spele eit instrument krev opplæring og øving. Kva gjer vi då?
Styret ønskjer at Sæbø skal ha eit skulekorp, og meiner at den beste satsinga er å arbeide langsiktig i samarbeid med andre. Det betyr at Sæbø skulekorps må ta ein spelepause medan vi bygg nytt grunnlag.
- Dei eldste korpsmusikarane skal få tilbod om å spele vidare i Dalane skulekorps. Der er dei 15 andre ungdommar som gjerne vil spele saman med våre.
- Nye og gamle aspirantar må gjennomføre 1-2 år instrumentopplæring ved Ørsta kulturskule før dei kan starte å spele i korps. Viss mange nok er interessert i å investere tid og ressursar i dette har vi kanskje eit levedyktig korps på plass att om nokre år.
Styret håper at her er mange barn i Bondalen og Hjørundfjord som ønskjer å spele i korps. Vi set derfor av kr 10.000,- til støtte til instrumentopplæring, maks kr 1.000,- pr barn. Ein føresetnad for å få støtte, er at ein fullfører undervisninga. Blir her mange nok som vil lære seg å spele, vil musikklærar frå kulturskulen kome til Sæbø for undervisning.
Styret ønskjer i tillegg å setje av midlar for å kjøpe inn nye instrument. Dei vi har er gamle og velbrukte, mange modne for utskifting.
Dette er ei sak som hastar. Søknadsfristen på kulturskulen er allereie ute, men vi håper at administrasjonen vil sjå stort på saka og ta omsyn til søknader frå oss. Born frå 2.klasse vil få informasjonbrev og søknadspapir med heim frå skulen, og vi ber alle heimar vurdere om dette er noko for dykkar born.
For å finansiere tiltaka våre skal vi framleis arrangere julemarknad, og når den tid kjem vil vi be heile dalen å støtte oss med kaker og vinstar. Skal vi få dette til, treng vi hjelp frå alle mange i dalen og fjorden vår. Då har vi kanskje eit sterkt og levedyktig korps att i bygda vår om 2-3 år.
Her er "seniorane" våre. Dei liker egentleg godt å spele i korps, men treng å vere fleire slik at dei får den ekte gode korpskjensla. CD-spelar hjelper jo litt, men er ikkje den same. Meir kunnskap om eige instrument er og naudsynt.
Her ser vi aspirantane våre. Dei vil gjerne spele i korps, men treng eitt-to år med kyndig instrumentopplæring først.
Korpset øver til 17mai, ein skal spele instrument og gå i takt samstunde - krevjande. Her ser de elles kor "mange" dei er når nesten alle møter opp....
Sæbø skulekorps, styret.
Kommentarar
Rart å tenke på korleis det var en gang i tida.
Eg gledde meg til kvar 17 mai for då kom Hornmusikken frå Sæbø til Bjørke og gledde oss med flott musikk.
Eg brukte å stå på Martebakkene og vente på at Hjørundfjord la til og Sæbø Hornmusikk kom på land.
Då først blei det skikkelig 17 mai for meg.
Eg håper dere får dei unge med i Hornmusikken igjen.
Vi på Bjørke bør også støtte dere då dere har gitt oss mykje glede på 17 mai med fin musikk.
Ellers så vil eg jobbe vidare for å få meir penger ut til kulturen.
Kan eg gi ei sjerv for å støtte dere så gir eg gjerne.